Han får skamlausprisen

Transaktivist Luca Dalen Espseth får årets skamlauspris.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Sex og samfunn kunngjorde onsdag at Skamlausprisen 2026 går til Luca Dalen Espseth.

Han var nominert for sitt mangeårige engasjement for transpersonars rettar. Han har mellom anna skrive boka Født i rett kropp.

– Eg trur denne anerkjenninga er ekstra viktig i år, fordi vi alle saman ser på ein kjempebacklash mot transpersonar kor vi blir framstilte som ein kjempetrugsel mot resten av samfunnet, seier Espseth i ei pressemelding.

Prispengane på 10 000 kroner vel Espseth å gi vidare til Scandinavian Leather Man Oslo (SLM Oslo).

– Den skeive rørsla er mangfaldig og stor, og SLM Oslo har alltid vist solidaritet med resten av den skeive rørsla, seier han.

Juryleikar Maria Røsok fortel at Espseth har vore nominert til Skamlausprisen i mange år.

– I år meinte juryen at det var på høg tid at Luca vart tildelt Skamlausprisen. Han har jobba og kjempa i så mange år, og han fortener verkeleg å vinne, seier juryleiar Maria Røsok i pressemeldinga.

Dei andre nominerte var:

  • Heidi Moen
  • Anine Olsen
  • Jentene på 8. og 9. trinn på Nordkjosbotn
  • Bjørn Norli
  • Sexologane i ung.no.