Digitaliseringsministeren vil forby KI-briller
Den nye digitaliserings- og forvaltningsministeren Torgeir Micaelsen (Ap) har kome til den motsette konklusjonen av forgjengaren Karianne Tung (Ap)
Den ferske digitaliserings- og forvaltningsministeren Torgeir Micaelsen (Ap) vil vurdere eit forbod mot KI-briller, melder NRK.
– Eg er veldig uroleg for at vi introduserer ny, kroppsnær teknologi i kombinasjon med KI, som mogleggjer sensorar, videoar og lydar der folk blir filma eller blir teke opptak av utan at dei veit det, seier Micaelsen til kringkastaren.
Han har dermed komme til den motsette konklusjonen av forgjengaren Karianne Tung (Ap), som gjekk ut av regjeringa førre veke. Ho ville ha strengare reglar, men ikkje forbod.
Han er samtidig på linje med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap), som har bede norske kommunar og skular om å forby Meta-briller og andre KI-briller.
Han er open for at det kan gjerast unntak til dømes for blinde, som vil ha både behov og nytte av slik teknologi, noko Blindeforbundet har ivra for, og vil setje ned ei ekspertgruppe som skal vurdere eit slikt forbod.
Etter kunnskapsminister Nordtuns oppmoding i august har fleire kommunar og skular innført eit forbod.






