Kristoffer (20) banka på dører i den svenske valkampen
Socialdemokraterna er meir opptekne av å bli valde enn å stå for noko, meiner AUF-ar Kristoffer Andreas Olstad. Likevel reiste han til Stockholm for å hjelpe dei til siger i det svenske valet.
– Det politiske klimaet i Sverige er ganske hardt; kokande. Det er sinne, hat og forakt for ulike sider av politikken, fortel Kristoffer Andreas Olstad.
Fredag tok han nattoget til Stockholm saman med ein kamerat for å bidra i dør-til-dør-aksjonen til Sveriges socialdemokratiska ungdomsförbund (SSU). SSU er søsterpartiet til norske AUF, og moderpartiet Socialdemokraterna (S) slektar altså på norske Arbeidarpartiet.
Sundag gjekk svenskane til valurnene. Truleg vil vi ikkje vete før torsdag korleis den endelege samansetninga av Riksdagen vert. I skrivande stund leier venstresida med tre mandat, men røystene frå utlandet er endå ikkje talde opp, og mange av dei er venta å røyste for ytre-høgre-partiet Sverigedemokraterna (SD).
Fokus på å bli valde
Olstad, som var til stades på valvaka til Socialdemokraterna, fortel at ungdomspolitikarane vart råka av pessimisme då dei første valdagsmålingane kom. S enda opp med å gjere sitt dårlegaste val sidan 1928, og sjølv om det kan sjå ut som dei får regjeringsmakt, er det ikkje godt nok, seier Olstad.
– Dette er ærleg tala ei av dei verste målingane vi har sett, seier han.
– For dei sosialistiske hjarta til SSU-arane, er det hardt å måtte samarbeide med det svenske Centerpartiet, som er så marknadsliberale, og Kristdemokraterna, med sin verdikonservative politikk, seier han.
Han meiner det dårlege valresultatet til «sosserna» føyer seg inn i ein europeisk trend som han trekker heilt tilbake til 90-talet.
– Land som har hatt ei sterk arbeidarrørsle, ser at dei nyliberale arbeidarpartia fører ein «trygg» politikk for å vere valbare. Ein prioriterer valbarheit framfor å faktisk stå for noko, seier han.
Medan dei store arbeidarpartia prøver å nå ut til dei såkalla «lillaveljarane», flyktar raude veljarar til andre parti, konkluderer han.
Fryktar smitteeffekt
Dersom resultatet skulle vippe andre vegen, meiner Olstad at fire nye år leia av Ulf Kristersson, med Sverigedemokraterna i regjering, kjem til å vrake Sverige.
– Heile systemet og modellen kjem til å bli utfordra. Dei marknadsliberale partia kjem til å vrake systemet som har vore så godt for Sverige. Det vil bli eit velferdssystem som kjem til å likne USA, fryktar han.
Særleg spår han konsekvensar for studentar og politiske kameratar i SSU.
– For studentar med dårleg råd er dette alvorleg. Arbeidsløysa er rekordhøg i Sverige, og ho kjem berre til å bli verre, seier han.
– Og eg fryktar at dette kjem til å påverke Noreg også.
Olstad meiner både politikk og retorikk kan smitte over grensa.
– Hovudsakleg er eg redd for at ting som deportasjon av små born og familiar, og retorikken til SD, blir normalisert, seier han.
SD ønsker seg opp mot 14 statsrådspostar i ei ny regjering. Med den typen makt trur Olstad at politikken deira kan få inntog hos oss.
– Det er politikk som i dag berre finst i mikroparti i Noreg, men som vi risikerer kan bli del av den store politiske debatten, seier han.
– Ikkje veljarane si skuld
Dei kontroversielle Sverigedemokraterna, som nokre vil kalle høgreekstreme, ser altså ut til å bli det tredje største partiet på Riksdagen. Onsdag viser målingane ein nedgang sidan førre val på 3 prosentpoeng, til ei oppslutning på 17,5 prosent.
– Kva tenker du om at SD får den oppslutninga dei får?
– Eg vil ikkje skulde på folket som røyster, men på partia som ikkje gir dei eit godt alternativ, seier han.
Han viser til at mange i Sverige har mista tillit til dei etablerte partia. Så kjem det inn ein «strongman» som peiker på eit problem og presenterer enkle løysingar, og framstår som ein redningsmann som bryt med det etablerte.
– Det er ein konsekvens av Socialdemokraterna, hovudsakleg. Ikkje Vänsterpartiet, ikkje Miljöpartiet de gröna. Det er Socialdemokraterna som set dagsorden. Og når dei lener seg meir og meir mot politikken til SD, viser dei ikkje eit reelt alternativ. Dei kopierer politikk for å vere valbare, i staden for å tenke nytt, seier han.
Han meiner Socialdemokraterna heller bør takle utfordringar med innvandring på sin eigen måte.
– Eg skuldar litt på S for akkurat det. Men eg er glad for at SD har minka på målingane. Det er ein bra ting, og skuldast nok litt at dei har fått makt i regjeringssamarbeidet, men ikkje utretta så mykje.
Nørds
– Kva var grunnen til at du reiste til Sverige for å delta i valkampen?
– Eg har hatt ein ganske sterk forbindelse med SSU gjennom venskap som eg har fått i diskusjonar på Twitter. Ein kamerat spurde meg om å komme og delta i valkampen, og då kunne eg ikkje svare noko anna enn ja. Det som skjer i Sverige, kjem til å påverke Noreg på mange måtar, seier han.
På valvaka til Socialdemokraterna, fortel han at han møtte mange partifellar frå både AUF og Arbeidarpartiet, inkludert Tonje Brenna, som er leiar for stortingsgruppa til Ap.
– Då ho høyrde at vi hadde reist frå Noreg for å drive valkamp kalla ho oss nørds, seier Olstad og ler.
Aksjonistisk rørsle
– Kva tar du med deg heim frå denne opplevinga?
– Først og fremst dette med dørknakking. Eg er ganske imponert over organiseringa av dør-til-dør-aksjonane deira. Det er ein mykje viktigare ting i Sverige, medan partia i Noreg prioriterer å stå på stands.
Dørbankinga baud på mange ulike responsar.
– Veldig mange tok seg ikkje tida med å snakke med oss, men tok berre imot brosjyre. Ein ropte etter oss «Jag skal inte ha detta skitet» og smelte igjen døra. Ein vart veldig sint og spurde kven som hadde sleppt oss inn i oppgangen. Det var mykje meir aggressiv stemning enn vi er vane med i Noreg, seier han.
Dei som ville snakke, var opptekne av kjernekraft, innvandring, velferd og arbeidslause, opplevde Olstad.
Olstad fortel at det svenske ungdomspartiet er meir aksjonistiske enn AUF.
– Det vil eg ta med meg tilbake. Det er ganske viktig å vere aksjonistiske når vi er ei aksjonistisk rørsle. Det er det vi er bygde på. Det har vist seg å funke, og folk ser aksjonane, plakatane og bannera som ein heng opp. Nokre gonger er det del av arbeidet, det er sånn politikk og protest er: å lage styr.








