EU: Gamarar kan måtte bevise at dei er gamle nok

Sosiale medium, KI-tenester, videoplattformer og videospel kan bli påverka av det nye forslaget til EU.

Einar Nygaard
Publisert

EU foreslår no at digitale spelbutikkar må sjekke om du er gamal nok før du får laste ned spelet. Det melder Reuters, Euractiv og Tek.no. Euractiv publiserte lovforslaget i saka si.

Også sosiale medium, KI-tenester og videodelingsplattformer blir påverka. Ifølge forslaget blir verifiseringa gjort med EU sin eiga teneste eller andre løysingar frå offentlege myndigheiter.

Forslaget skal leggjast fram torsdag, men det kan ta fleire månader med diskusjon før ei eventuell lov er klar.

Spel må ha aldersgrense

Ifølge utkastet Euractiv har publisert, må alle spel som vert selde på nett bli merka med aldersgrense. Om ein ikkje er gamal nok, kan ein bli nekta å laste ned spelet.

– Mindreårige må få lov til å dra nytte av det store potensialet i digitale tenester, medan dei blir beskytta mot misbruk og utnytting, heiter det i forslaget.

Det blir tek-selskapa som må betale utgiftene som følgjer med aldersverifisering.

Aldersbestemte avgrensingar

For sosiale medium vil barn frå 3 til 13 år berre få tilgang til barnevenlege tenester, med kontoar som foreldra kontrollerer. Det inneber avgrensingar for skjermtid og kontakt med framande.

Barn frå 15 til 18 år får fri tilgang om EU meiner miljøet er bygga for å vere trygt. Det inneber mellom anna at det ikkje kan vere avhengnadsskapande element, regulert innhald og trygge kontoinnstillingar.

Det vil ikkje vere mogleg for barn under 3 år å få tilgang til sosiale medium eller risikable tenester.