Studentar som trenar sjeldan, har høgare risiko for psykiske lidingar
Ein norsk studie viser tydelege samanhengar med treningsvanane til studentar og risiko for depresjon og angst eitt år seinare.
Kor ofte studentane trenar ser ut til å ha tydelegare samanheng med psykisk helse enn kor lenge og kor hardt dei trenar.
– Psykiske lidingar blant studentar er eit aukande folkehelseproblem. Funna våre tyder på at det å oppmuntre studentar til å vere fysisk aktive, kan bidra til betre psykisk helse. Det bør anerkjennast som ein viktig del av eit sunt læringsmiljø, seier Michael Grasdalsmoen, forskar og lektor ved Høgskulen på Vestlandet, til NTB.
Han og forskarkollegaer har teke utgangspunkt i Helse- og trivselsundersøkinga til studentane (SHoT) , som blir gjennomført kvart fjerde år. I 2022 deltok over 53.000 deltakarar i alderen 18-35 år. Eitt år seinare deltok over 10.000 av studentane i ei oppfølging, der forskarane undersøkte samanhengen mellom treningsvanar og risiko for depresjon og angst.
– Vi fann at studentar som trena sjeldan, hadde høgare risiko for depresjon og angst eitt år seinare. Det mest konsistente funnet var knytt til kor ofte studentane trena, medan intensitet og varigheit viste mindre eintydige samanhengar, seier Grasdalsmoen.
Opp av sofaen!
Studien er publisert i tidsskriftet PLOS One nyleg og blei omtalt på ABCs TV-show Good Morning America sist veke , der gjester i studio konkluderte med at her er det berre å komme seg opp av sofaen og ut.
Funna viser at lite aktivitet og trening heng saman med høgare førekomst av vanlege psykiske lidingar som depresjon og angst blant høgskulestudentar i Noreg, og særleg blant menn er dette tydeleg.
Kvinnelege studentar som trena svært lite eller ikkje i det heile, hadde 15 prosent høgare risiko for å ha depresjon eller angst samanlikna med dei som var aktive daglege. For menn var tilsvarande risiko 33 prosent høgare blant dei som ikkje trena nemneverdig.
Støtter WHOs råd
Kor ofte studentane trena, viste den tydelegaste og mest konsistente samanhengen med psykisk helse. Samanhengane med intensitet og varigheit var mindre eintydige.
For kvinner var aukande treningsmengde knytt til stadig lågare risiko for depresjon og angst opp mot fem–seks timar trening i veka. Deretter flata samanhengen ut.
For menn var meir trening knytt til lågare risiko også ved treningsmengder på opp mot ti timar i veka.
Desse funna er i tråd med anbefalingane frå Verdshelseorganisasjonen (WHO) om minst 150 minutt med moderat til høg fysisk aktivitet per veke.
Grasdalsmoen understrekar at dette er ein observasjonsstudie, der funna aleine ikkje kan fastslå årsak og verknad.
– Ein styrke ved studien er at vi målte treningsvanane først og undersøkte psykiske lidingar eitt år seinare. Vi tok også omsyn til psykiske symptom ved utgangspunktet. Det styrkjer grunnlaget for å seie noko om samanhengen over tid, men vi kan framleis ikkje slå fast at fysisk aktivitet i seg sjølv er årsaka til den lågare risikoen, seier Grasdalsmoen.
Samansett bilete
– Funna våre understrekar kor viktig det er med fysisk aktivitet, og å gjere det til ein tilgjengeleg og naturleg del av studentlivet, seier Grasdalsmoen.
Studien undersøkte likevel ikkje kva mekanismar som kan forklare samanhengen mellom fysisk aktivitet og psykisk helse.
At fysisk aktivitet fell saman med betre psykisk helse, kan byggje på mange faktorar:
- Ein er gjerne meir sosial når ein trenar eller mosjonerer, fordi ein kjem seg ut og møter andre
- Fysisk aktivitet kan påverke både kroppslege og psykiske forhold som har noko å seie for psykisk helse.
- Aktivitet kan også bidra til oppleving av meistring og meining.
- Fysisk aktivitet gir ofte betre søvn og redusert opplevd stress, noko som igjen kan ha noko å seie for psykisk helse.
- Det kan også vere at regelmessig trening i seg sjølv har ein positiv effekt på psykisk helse.






