Inkluderande, humoristisk og ei klippe – slik minnest ungdomspolitikarane kong Harald
Ungdomspartia utset all aktivitet på ubestemt tid etter kong Haralds bortgang. Leiarane minnest kongen som ekte, varm og folkeleg.
– Vi minnest kong Harald som kongen som utvida forståinga av kva det vil seie å vere norsk, som inkluderte alle og knytte oss tettare saman. Kong Harald viste oss betre enn nokon andre kva Noreg er på sitt beste.
Det skriv Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci i ei historie på Instagram etter nyheita om at kong Harald er død fredag morgon.

Skjermbilete frå Instagram.
Ungdomspolitikaren takkar kongen for tenesta og kondolerer til kongefamilien.
– I dag blei Noreg fattigare. Kong Harald har samla Noreg i gode og dårlege tider. Han har alltid gitt landet vårt varme, kjærleik og tryggleik, minnest Svendsen-Yagci.
Varm og lyttande
– Ein stor folkekonge er død. Vi takkar han for hans kongegjerning og hans heilt eigne hjarte for sine landsmenn etter 22. juli.
Det skriv AUF-leiar Gaute Skjervø i ein sms til Framtida.
Skjervø fortel at han møtte kongen første gong som ung, djupt prega av terroren på Utøya.
– Kongen som tok imot nokre av oss overlevande på Slottet, var varm og lyttande. Men sjølv i eit alvorleg møte, viste han glimt av sin lune humor, noko som gjorde det enklare for mange av oss å senke skuldrene og snakke ærleg.
Ungdomspolitikaren seier kong Harald var ei klippe for dei råka etter 22. juli.
– Han reiste til Sundvollen. Han gråt på tv. Og han stilte opp på minnegudstenesta på 15-årsmarkeringa, sjølv om helsa var tydeleg svekt.
Skjervø skildrar kongen som ekte og folkeleg tvers igjennom.
– Vi kunne ikkje fått ein betre konge enn han.

Kong Harald og dronning Sonja besøkte Utøya i 2022. Foto: Heiko Junge / NTB
Utset all aktivitet
– Meldinga om Hans Majestet Kong Haralds bortgang etterlet oss i djup sorg. Vi sender våre varmaste tankar og djupaste medkjensle til kongefamilien, og til alle som var glade i han, skriv Unge Høgre-leiar Nicolai Østeby til Framtida.no.
Den ferske Unge Høgre-leiaren fekk aldri helsa personleg på kong Harald, men fortel at han både har fått segla for kongen, og at han deltok i minnegudstenesta for 22. juli med han tidlegare i sommar.
– Kong Harald gav alt for Noreg og var eit førebilete for heile folket. I kriser og høgtider, så vel som i kvardagen, samla han oss på tvers av bakgrunn, tru og politisk ståstad. Han har feira med oss, gråte med oss og ledd med oss.

Unge Høgre-leiar Nicolai Østeby tenner eit lys framføre slottet etter kongens bortgang. Foto: Privat
Østeby skildrar kong Harald som ei klippe som heile Noreg har kunna lene seg på, gjennom tjukt og tynt.
– Norge har mista sin aller fremste og beste representant. Kong Haralds openheit, gode humør og pliktkjensle vil for alltid vere til stor inspirasjon.
Østeby informerer om at Unge Høgre, i samråd med alle dei andre ungdomspartia, utset all utoverretta aktivitet på ubestemt tid. Det inkluderer Unge Høgres skulestartkampanje, både på lokalt nivå, fylkesnivå og nasjonalt nivå.
Stilte alltid opp for fellesskapet
– Eg vil hugse kong Harald som samlande, engasjerande, varm og raus. Med humor og omtanke har han vore med oss gjennom gode og vonde tider, samla oss og mint oss på det norske fellesskapet. Noreg er blitt fattigare utan kong Harald, skriv Sara Ude Hasle i ein sms til Framtida.

Sara Ude Hasle hugsar kong Harald som samlande, varm og raus. Foto: Sosialistisk Ungdom
Hasle tok over som leiar av Sosialistisk Ungdom tidlegare i år. Ho rakk ikkje å møte kongen personleg, men deltok i minnegudstenesta for 15-årsmarkeringa av 22. juli, der kongen var til stades.
– Sjølv når kongens helse var skral, stilte han alltid opp for fellesskapet.
Heldig med kongen
– Eg vil hugse han som ein jovial og samlande konge, seier Raud Ungdom-leiar Alexandra Fredwall på telefon til Framtida.
Som dei andre ferske ungdomspartileiarar, fekk Fredwall ikkje møtt kongen personleg.
RU-leiaren understrekar at ho er republikanar og meiner ein ikkje skal ha monarkar, men synest Noreg har vore heldige med kong Harald.
– Eg vil hugse han som ein god konge.
Styrkje og trøyst i minna

Fungerande FpU-leiar Lars Vartdal takkar kong Harald for alt han gav til Noreg. Foto: FpU
– Kong Harald har så lenge eg kan hugse vore ein trygg og samlande figur for det norske folk, og ein mann med varme og verdigheit. Han har vore eit viktig symbol for historie, fellesskap og kultur i Noreg. Spesielt hans talar og medkjensle har sett djupe spor hos mange nordmenn, skriv Lars Vartdal på e-post til Framtida.
Den fungerande leiaren for Framstegspartiets Ungdom (FpU) takkar for alt kong Harald har gjort for Noreg – for tenesta, tryggleiken og alle åra han gav til landet vårt.
På vegner av FpU sender Vartal si djupaste medkjensle og varme tankar til resten av kongefamilien.
– Vi håpar dei i tida som kjem kan finne styrke og trøyst i minna om eit langt liv fylt med kjærleik, fellesskap og teneste for Noreg. I dag står eit samla Noreg i sorg.
Såg heile landet
Senterungdommen-leiar Nils Forren skildrar kong Harald som ein mann som kjente folket og landet sitt.
– I Senterungdommen vil vi minne kongen som ein varm og inkluderande leiar som såg heile landet, skriv han på sms til Framtida.






