Politikk og samfunn

«Kvifor skal staten tene meir på at du fyller tanken?»

Ansvarleg økonomisk politikk betyr ikkje at staten alltid skal få behalde mest mogleg pengar, skriv Trym Nybø (16) i FpU.

Trym Nybø (16)
Styremedlem i Sogn og Fjordane FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det som snart kan prege Norge sterkt, er dei høge drivstoffprisane. 1. september nærmar seg med stormskritt. Då går dei mellombelse kutta i drivstoffavgiftene ut, og avgiftene skal opp igjen. Det skjer dersom ikkje Høgre klarer å forstå at lågare drivstoffavgifter ikkje er uansvarleg politikk. Tvert imot er det viktig politikk for både bedrifter og vanlege folk over heile landet.

Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide har gått hardt ut mot Sylvi Listhaug og FrP. Ho meiner det har blitt for mykje av det ho omtalar som eit «lappeteppe av krisepakkar», og åtvarar mot stadig nye mellombelse tiltak.

Men her meiner eg Søreide bommar.

Kan vere permanent

Eg og FpU er krystallklare: Politikk som gjer det billigare å gå på jobb, drive bedrift og få kvardagen til å gå rundt, er ikkje uansvarleg politikk.

Og dette treng heller ikkje vere nokon krisepakke.

Avgiftene kan gå ned, permanent.

For det merkelege med denne debatten er at Høgre sjølv var med på å presse fram kuttet i drivstoffavgiftene tidlegare i år. No, berre nokre månader seinare, skal det plutseleg framstillast som økonomisk uansvarleg å halde dei nede.

Kva har endra seg?

Bil er ikkje luksus

For folk som er avhengige av bilen, har i alle fall ikkje behovet for lågare kostnader forsvunne.

I distrikta er bilen ikkje eit luksusprodukt. Han er det som får deg på jobb. Han får ungane på trening. Han får handverkaren fram til kunden, bonden ut på arbeid og varer fram til butikkane.

Når dieselprisen aukar, er det heller ikkje berre bilisten som betaler. Transportbedrifta får større utgifter. Entreprenøren får større utgifter. Bonden får større utgifter. Butikken får større utgifter. Og til slutt hamnar rekninga hos deg og meg.

Difor blir det for enkelt når Høgre prøver å gjere dette til ein diskusjon om «krisepakkar». Dette handlar om noko mykje større: Kor mykje skal staten ta inn frå folk kvar gong dei fyller tanken?

For meg er svaret enkelt. Mindre.

Må tore å prioritere

Ansvarleg økonomisk politikk betyr ikkje at staten alltid skal få behalde mest mogleg pengar. Det betyr òg å tore å prioritere, kutte unødvendige offentlege utgifter og la folk og næringsliv sitje igjen med meir.

FrP ønskjer ikkje ei ny mellombels plasterløysing. Vi ønskjer permanent lågare drivstoffavgifter. Høgre kan kalle det uansvarleg. Eg kallar det å prioritere folk som faktisk er avhengige av bilen.