Politikk og samfunn

«Vi bør ikkje straffe elevar som allereie treng tilrettelegging»

– Dersom målet faktisk er å betre lese- og skriveferdigheitene til elevane, bør vi spørje oss kva som skjer gjennom heile skuleløpet, skriv Hedda Riddervold.

Hedda Riddervold (22)
Styremedlem av Akershus Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide vil ha ein meir «klassisk» skule og eksamen med penn og papir for elevar på 10. trinn.

Dette er, etter mi meining, ein av dei dårlegaste ideane eg har høyrt på lenge.

Ein meir digitalisert skule

Eg skjønar veldig godt at vi må ta på alvor at leseferdigheitene i skulen har blitt dårlegare. Men det betyr ikkje at vi skal fjerne hjelpemidla som enkelte elevar er avhengige av for å kunne vise kva dei faktisk kan.

For nevrodivergente elevar kan slike hjelpemiddel vere heilt avgjerande.

Problemet er heller ikkje nødvendigvis ungdomsskulen. Dersom vi ønskjer at elevar skal kunne lese, skrive og rekne utan digitale hjelpemiddel, må vi lære dei desse ferdigheitene tidlegare. Barneskulen har blitt stadig meir digitalisert, og då meiner eg det er der ein bør sjå på korleis grunnleggjande ferdigheiter blir lærte, ikkje berre ta bort hjelpemidla på eksamen i 10. klasse.

Dårleg tilgang på tilrettelegging

Eg har sjølv allereie opplevd kor vanskeleg det kan vere å få tilgang til tilrettelegging.

Difor reagerer eg på eit forslag om å gjere eksamen med penn og papir til løysinga på problem med fusk eller manglande grunnleggjande ferdigheiter. Det kjem ikkje nødvendigvis til å løyse problemet.

Det kan i staden gjere eksamen vanskelegare for elevar som treng litt ekstra hjelp for å kunne prestere på lik linje med andre.

Dersom målet faktisk er å betre lese- og skriveferdigheitene til elevane, bør vi spørje oss kva som skjer gjennom heile skuleløpet. Vi bør ikkje vente til 10. klasse med å ta tak i problemet, og vi bør heller ikkje straffe elevar som allereie treng tilrettelegging.

Ein skule som stiller krav til elevane, kan samstundes vere ein skule som gir dei verktøya dei treng for å lukkast.

Det eine treng ikkje å utelukke det andre.

For meg handlar dette derfor ikkje om å gjere skulen enklare. Det handlar om å sørgje for at alle elevar får ei reell moglegheit til å vise kva dei kan.