– Kommunen bør investere i fornybar energi

Venstre og Senterpartiet i Ulstein med felles framstøyt for å tenkje miljø og pengar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ulstein Venstre og Ulstein Senterparti, ved Lisa Mari Breivik Anderson og Pål Grødahl, viser til at verda står midt oppe i omfattande klimaendringar. Produksjonen av olje, kol og gass er ein leiande årsak til desse endringane. I 2014 hadde Ulstein kommune investeringar i fleire selskap med produksjon av fossil energi.

LES OGSÅ: Eid vil «klimavaske» sparepengane sine

– Investeringar i fornybar energi har vist seg å vere meir lønsamt enn investeringar i selskap som er avhengig av olje, kol og gass, meiner Grødahl og argumenterer for at Ulstein kommune gjennom å investere i selskap som ikkje forureinar eller som bidreg til å få ned forureininga, kan gjere positive investeringar som minskar klimautsleppa i verda. Om Ulstein trekkjer seg ut av industrien knytta til fossile energikjelder så vil kommunen ikkje berre unngå eit auka klimaproblem, men samstundes redusere den økonomiske risikoen.

Senterpartiet og Venstre føreslår for kommunestyret, som har møte 18. juni, at dei ber formannskapet greie ut om kommunen kan trekkje seg investeringane sine ut av selskap som produserer olje, gass og kol. Dei ønskjer også at kommunen investerer i fornybar energi, og lagar etiske retningslinjer for framtidige investeringar.

Om Ulstein kommune gjer eit slikt vedtak er dei den tredje kommunen i Noreg.

Les saka i Vikebladet!