Aksjonerte for klimaprosent
Ei rekkje ungdomsorganisasjonar aksjonerte onsdag 10. juni for at Noreg må trappa opp mot ein klimaprosent i neste statsbudsjett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag møtte ungdomsorganisasjonane Changemaker, KFUK-KFUM Global, Natur og Ungdom og Spire representantar frå Finanskomitéen, for å overrekka krav om at Noreg i neste statsbudsjett må byrja opptrappinga mot éin prosent av BNI til klimafinansiering i fattige land.
Ungdomsorganisasjonane står samla bak kravet om ein plan for å trappa opp Noregs bidrag til klimafinansiering opp til éin prosent av BNI innan 2020, utover det vanlege bistandsbudsjettet. Ein slik opptrappingsplan vil krevja ein årleg auke på minst 6,5 milliardar kroner over statsbudsjettet.
QUIZ:Kva veit du om klima og klimaendringar?
– Skal vi ha sjanse til å nå togradersmålet er rike land nøydde til å sjå ansvaret sitt og leggja pengane på bordet. Éin klimaprosent tilsvarer Noregs rettferdige del av klimafinansieringa, seier Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker i ei pressemelding.
– Ein avtale i Paris avheng av at ressursterke land som Noreg bidreg. I dag er avstanden mellom fattige og rike land stor. Utsleppskutt og tilpassing til klimaendringar i sør er heilt avhengig av økonomiske bidrag frå nord. Det rikaste landet i verda må vakna, seier Ingrid Skjoldvær, nestleiar i Natur og Ungdom.
Alle verdas land har vorte samde om å samla inn 100 milliardar dollar i året frå 2020. Ungdomsorganisasjonane meiner Noreg er nøydd til å leggja ein plan for delen sin av denne potten. Dei meiner det er avgjerande at ressurssterke land bidreg til klimafinansieringa.
LES OGSÅ:Dei grøne vil ha klimaprosent