Svært mange haustar og sankar sjølve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn er sankarar

Over halvparten av dei spurde i ein SIFO-studie seier at dei har plukka bær eller hausta frukt og bær frå eigen eller andres hage dei siste 12 månadane. Heile 45 prosent har dyrka sine eigne urter, to av ti har sanka sopp eller vore på sjølvplukk og så mange som 55 prosent har fått eller gitt bort heimeproduserte matgåver. To av ti et eigenprodusert mat kvar veke, og 44 prosent et det ein gong iblant.

– Mykje basert på medieframstillinga hadde vi ein idé om at hausting og sanking er noko folk ikkje driv med. Så dette var overraskande høge tal, seier forskar Annechen Bugge i SIFO til NTB.

Ferdigtenester
SIFO-tala over forbrukartrendar viser også kor vanleg det er å nytte heimetenester:

– Også her blir det ropt i media om at ein må ta tilbake arbeidsoppgåvene i heimen, at vi har vorte storforbrukarar av vaskehjelp, matkasser, leksehjelp, hundeluftarar og interiørarkitektar. Det stemmer heller ikkje. Ni av ti vaskar golva sjølve, seier Bugge.

LES OGSÅ: Med jakt og fiske som pensum

Gidd, faktisk
«Ingen gidd å plukke bær lenger», «kvart år rotnar tonnevis med eple fordi hageeigarar (…) ikkje har tid eller moglegheit til å plukke dei», «det er altfor mykje fisk og få som fiskar» og «nordmenn kjøper seg fri frå alt». Sitata er henta frå Klassekampen, NRK, Dagbladet og DN, og er representative for inntrykket media generelt har gitt dei siste åra.

– Vi likar desse dramatiske forteljingane om forfall, men dei held ikkje alltid vatn, seier Bugge, som har si forklaring på kvifor folk likar og ønskjer å dyrke, sanke, plukke, hauste og fiske.

– Dette er naturleg mat, og tre av fire seier at for at dei skal oppfatte ei råvare som sunn, må ho vere naturleg. Å hauste av spiskammeret i naturen er også effektivt for å løyse dilemma knytt til helse, miljø og etikk, noko folk har vorte meir opptekne av. Dessutan er det fysisk rekreasjon og avveksling i ein stillesitjande kvardag.

LES OGSÅ: Noreg kan produsere meir grønt sjølv

Nordisk trend
Det siste tiåret har nordiske restaurantar og råvarer som granskot, løvetann, bjørkesevje og ramsløk vorte populære internasjonalt, noko som også kan ha bidrege til å få folk ut.

– Ein kursleiar for sanking og bruk av ville vekstar uttalte typisk nok: «Før var eg ein særing – no er eg plutseleg ein trendsettar», seier Bugge.

I mai fortalde Nationen om ein bonde på Skui som var invadert av bærumsfruer i SUV på jakt etter ramslauk.

– Ikkje overraskande er hausting frå naturen meir vanleg på landet og i tettstader enn i byane. Men det mest spennande funnet geografisk sett er at det faktisk er ganske mange i for eksempel Oslo som driv med hagar og bærplukking. Fire av ti i Oslo har plukka bær i skog og mark dei siste 12 månadane, påpeikar Bugge.

Ho håpar på ei meir realitetsorientert mediedekning framover. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om forbrukartrendar frå SIFO

* Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) samlar inn store mengder data om ulike sider ved forbruket og forbrukarane i Noreg.
* Onsdag presenterte SIFO hovudtrendane i materialet.
* I år er ein stor del av datamaterialet knytt til hushaldsøkonomi, lånefinansiert forbruk, ny teknologi, miljøaspekt ved forbruk, mat og helse, skadefare og kjøp av tenester til heimen.

(Kjelde: SIFO) (©NPK)