4000 fleire unge i arbeid: – Ikkje eit luftslott

I løpet av fjoråret gjekk talet på unge utanfor arbeidslivet ned med 16 personar kvar dag. Regjeringa meiner det såkalla ungdomsløftet har fungert.

NPK-NTB-Marius Helge Larsen
Publisert

– 4000 færre står utanfor arbeidslivet. Det inneber 16 nye unge inn i arbeid kvar einaste dag i fjor, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) til NTB.

Ho viser til tal som har komme frå Nav den siste veka.

Sjølv om det har vore ein nedgang, står framleis 110.000 på mellom 20 og 29 år utanfor arbeid og høgare utdanning. Det svarer til 15,4 prosent av alle i denne aldersgruppa.

– Det går rette vegen, seier Stenseng, som er tydeleg på at den totale utanforskapen framleis er altfor høg.

Får hjelp av bedrifter

For akkurat eitt år sidan lanserte regjeringa det såkalla ungdomsløftet under Arendalsveka. Toppsjefar i fleire store bedrifter og organisasjonar signerte ein avtale med regjeringa om å få fleire unge i arbeid.

Med på showet var mellom anna næringslivsprofilar som Strawberry-eigar Petter Stordalen og Reitan-sjef Ole Robert Reitan.

No meiner Stenseng at bedriftene som er med på ungdomsløftet, har levert.

– Verksemdene har bidrege i veldig stor grad. Både innanfor varehandel, service og reiseliv. Mange av dei store aktørane er veldig flinke til å satse på dei som ikkje nødvendigvis har ein CV som inneheld så veldig mykje.

– Dei er flinke til å senke terskelen og ta sjansen på dei, seier ho.

Mindre fokus på diagnosar

Vidare har ein del av løfta vore å tenkje nytt i Nav, for å få folk raskare i aktivitet.

– Når unge folk kjem inn til Nav og treng hjelp og bistand, kanskje med litt komplekse helseutfordringar, så må vi ha mykje meir fokus på kva dei er i stand til å gjere. Til no har vi brukt for lang tid på å avklare kor sjuke folk er og kva diagnosar dei har, seier Stenseng.

I ungdomsløftet ligg det eit mål frå regjeringa om å få 30.000 fleire unge i arbeid innan 2030. Med dagens tempo på 16 fleire om dagen, er det ikkje nok til å nå målet.

Det kommenterer arbeidsministeren slik:

– Eg er oppteken av at vi forsterkar innsatsen. For dette er stort og komplekst, og det er inga regjering, uavhengig av farge, som har lykkast ordentleg med dette, seier ho.

Vil samarbeide

No inviterer arbeidsministeren dei andre partia med på eit tverrpolitisk samarbeid. Og ho kjem samtidig med eit stikk til Høgre:

– Då vi lanserte ungdomsløftet for eit år sidan, kalla jo Høgre det for eit luftslott med ein haug med gode intensjonar, og dei hadde lite tru på det, seier Stenseng.

Arbeidsministeren fortel vidare at Høgres arbeidspolitiske talsperson, Anna Molberg, har innrømt at det kanskje var å ta for hardt i å kalle det eit luftslott.

Når NTB ringer Molberg for å undersøkje, har ho følgjande svar:

– Det var jo veldig lite konkret frå regjeringa si side då dette ungdomsløftet vart lansert i fjor. Men så har vi skjønt etter kvart at det går litt konkret på å få unge i jobb, og at ein brukar store arbeidsgivarar for å få unge i jobb.

– Alarmerande

Molberg meiner ungdomsløftet liknar veldig på det Høgre gjorde, då dei sat i regjering. Med ei satsing på individuell oppfølging.

– Så vi er på ein måte glade for at regjeringa satsar på det.

Høgre-politikaren meiner likevel at regjeringa har ein stor jobb å gjere. Dei siste Nav-tala viser at det totalt står 702.000 utanfor arbeidslivet når ein tek med alle i yrkesaktiv alder.

– Vi ser ein liten nedgang blant unge, og det tenkjer eg berre skulle mangle, at regjeringa etter fem år får til noko på det området, seier Molberg.

– Men totalen er jo framleis fullstendig alarmerande.