Ebola spreier seg i rekordfart – meir enn tusen stadfesta daude
Meir enn tusen dødsfall er stadfesta som fylgje av ebola-utbrotet i Kongo, men mørketala er truleg store. Væpna konflikt og bistandskutt gjer det vanskeleg å handtera epidemien.
– Folk døyr. Dei døyr fordi me ikkje har vaksinar, fordi me ikkje har medisin, og fordi me ikkje har pengar.
Dette sa Jean Kaseya, direktør i Africa Centers for Disease Control and Prevention, på ein pressekonferanse denne veka.
Ebola er ein virussjukdom som resulterer i blødingar og organsvikt. Dødsrata er høg.
Det finst fleire variantar av ebola. Det pågåande utbrotet er forårsaka av bundibugioviruset, som det ikkje finst vaksine eller ordentleg behandling mot.
Så langt har epidemien teke over tusen liv.
Truleg er det også store mørketal. WHO (Verdsorganisasjonen for helse) estimerer at tala truleg er mellom to og fire gongar større enn det som er registrert.
Smitta har også spreidd seg til nabolandet Uganda, men utbrotet der verkar å vera stoppa.
Ramma av konflikt
Det pågåande ebola-utbrotet skjer i fire provinsar aust i Kongo. Ituri er hardast ramma.
Styresmaktene manglar kontroll over store delar av Aust-Kongo. Regionen er styrt av ulike militsar.
– Aktiv væpna konflikt hindrar tilgang til områda som er ramma, sa generalsekretær i WHO, Tedros Adhanom Ghebreyesus, på ein pressekonferanse 16. juli.
Tedros seier at behandlingssenter for ebola blir utsette for væpna åtak.
– Som fylgje av kronisk krigføring, er også mistillit i samfunnet eit alvorleg problem, seier Tedros.
Desinformasjon og konspirasjonsteoriar knytt til ebola er utbreidd. Om lag ein tredjedel av innbyggjarane i Ituri trur ikkje ebola er ein ekte sjukdom.
Til dømes trur somme at helsearbeidarar forsøkjer å forgifta befolkninga.
BBC har dokumentert fleire døme på vanlege folk, motivert av mistillit og desinformasjon, har gått til åtak på helsearbeidarar og behandlingsentre.
Ramma av bistandskutt
Kongo har blitt hardt ramma av bistandskutt. Frå 2024 til 2025 forsvann nær halvparten bistandspengane som blei brukt på formål i Kongo.
Hovudårsaka er Trump-administrasjonen sine kraftige kutt i det amerikanske bistandsbudsjettet. Også mange andre land har dei siste åra gjennomført nedskjeringar i bistanden.
Mange meiner at kutta i bistanden har gjort Kongo sårbart for epedmiutbrot.
– Bistandskutta gjorde Kong særs utsett for Ebola og svekte overvakingssystem som kunne ha oppdaga utbrotet fleire veker tidlegare, seier Manenji Mangudu, sjef for Oxfam i Kongo, i ei pressemelding.










