Tre av fire studentar vil ikkje ha mobilforbod på forelesingar
18 prosent vil ha eit forbod, medan 9 prosent av studentar veit ikkje kva dei meiner, ifølgje ei ny meiningsmåling.
Tre av fire studentar meiner det ikkje bør innførast mobilforbod på førelesingar ved universitet og høgskular.
Det viser ei ny meiningsmåling Sentio Research har gjennomført for Khrono og Norsk studentorganisasjon (NSO).
18 prosent vil ha eit forbod, medan 9 prosent ikkje veit kva dei meiner. Eit forbod møter motbør hjå Studenttinget, ein organisasjon under NSO.
– Eg ser ingen grunn til at det skal bli innført eit forbod i dei store førelesingane. Nokre studentar har behov for å bruka telefon for å konsentrera seg betre, seier leiar Amund Aaseng Stubbrud i Studenttinget ved NTNU.
Han understrekar at Studenttinget ikkje har teke stilling til dette spørsmålet.
Nyleg fortalde førelesar Lars Dehli ved Kristiania at han forbyr PC og mobiltelefon under førelesingane.
– Det gler meg stort at så mange som 27 prosent av studentane no ikkje er imot skjermfri undervisning. Dei siste tala eg såg i fjor, var at mindre enn 10 prosent ønskte å leggja vekk telefonen på førelesingar. Så her er det jo absolutt ei rørsle i positiv retning. Då håpar og satsar eg på at me når ein kritisk masse på 50 prosent til neste år, skriv han i ein e-post til Khrono.
Sentio-undersøkinga vart gjennomført blant eit utval på 1004 studentar i Noreg i alderen 18 år og eldre mellom 21. mai og 3. juli.






