Kultur

«Når unge ikkje kjenner til norske tradisjonar, står vi i fare for å miste viktig kunnskap»

– Det er viktig at kulturarven ikkje berre snakkast om – han må opplevast. Det er avgjerande for identitet, fellesskap og forståinga av landet me kjem frå, skriv Marius Myrvoll.

Marius Myrvoll (15)
Aktivt medlem i Norsk Målungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mange unge i dag veit lite om kulturarven vår, og det er eit problem me ikkje bør ignorera. Korleis kan me forvente at kommande generasjonar skal ta vare på kulturarven vår, når dei knapt veit kva han består av?

Som ungdom har eg merka at mange på skulen og ungdom generelt ikkje har kunnskap om norske tradisjonar. Dei veit ikkje eingong kva det betyr. Eg kunne heller ikkje så mykje sjølv før. Eg er framleis overraska over kor lite eg visste om folkemusikk og folkedans, og eg trur det gjeldar fleire ungdommar.

Det gjer meg klar over kor viktig det er å oppleva kulturarven, ikkje berre høyra om den.

Eg personleg er veldig glad i å læra om norsk kultur. Eg deltar mykje rundt og lærar mykje om folkemusikk og folkedans via Kalottspel – ein årleg festival og organisasjon for folkemusikk og folkedans som blir arrangert i Målselv i Troms.

I tillegg er eg ein aktiv medlem i Norsk Målungdom – ein partipolitisk uavhengig organisasjon for nynorsk, språk og dialekt. Eg lærte sjukt mykje om språk og dialektar, og eg oppfordrar alle til å forsøka å lære litt!

Når unge ikkje kjenner til norske tradisjonar som handverk, språkformer, folkemusikk eller historiene og mytane som forma landet, står vi i fare for å miste viktig kunnskap.

Det er viktig at kulturarven ikkje berre snakkast om – han må opplevast. Det er avgjerande for identitet, fellesskap og forståinga av landet me kjem frå. Desto betre vi kjenner til vår eigen kultur, jo lettare blir det å forstå og respektera andre sine.

Skulen har ei nøkkelrolle i dette arbeidet. Kulturarv treng ikkje å vera eit eiga fag – det kan integrerast i norsk, samfunnsfag, kunst og handverk, musikk og mat og helse. I tillegg bør lokalmiljøet brukast meir aktivt som læringsarena. Besøk til lokale kulturminna, musea og historiske stader gjer stoffet meir levande og gir elevane ei ordentleg oppleving av tradisjonane som har forma dette kongeriket.

Det er bekymringsfullt viss kunnskap om kulturarven vår blir mindre viktig for dagens unge.

Ein må ikkje like alt, men ein bør ha kunnskap om det.

Kultur er ein viktig del av vår identitet og tilhøyrsel – og han er verdt å ta vare på.