Politikk og samfunn

«Alexandria Ocasio-Cortez bør bli demokratane sin presidentkandidat»

Simen Bondevik (25)
Samfunnsdebattant og vararepresentant i Oslo bystyre for Partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I ein artikkel i Nettavisen avfeier professor i statsvitskap, Hilmar Mjelde, sjansane tidlegare visepresident Kamala Harris har til å bli demokratane sin presidentkandidat i 2028. Det trur eg han har heilt rett i.

Demokratane kjem truleg ikkje til å nominere den same kandidaten som tapte mot Trump ved det førre valet, ein gong til. I alle fall ikkje når dei har fleire klart betre alternativ å velje mellom. Best av dei alle er kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez.

Gav håp til veljarane

I 2018 skapte Ocasio-Cortez politisk oppstandelse då ho, som bartender utan politisk erfaring, vann det demokratiske primærvalet i New York mot den sitjande representanten Joe Crowley. Crowley hadde vore vald inn i Representantanes hus sidan 1999 og var ein av dei mektigaste demokratane. Han vart til og med trekt fram som ein mogleg etterfølgjar etter Nancy Pelosi som leiar for demokratane i Representantanes hus.

Men Ocasio-Cortez, eller AOC som ho ofte blir kalla, mobiliserte tusenvis av nye veljarar med den energiske, progressive og inspirerande valkampen sin og eit offensivt politisk bodskap. Ho vann både primærvalet og hovudvalet med klar margin, utan tidlegare politisk erfaring.

AOC vann fordi ho inspirerte og gav håp til mange veljarar som fram til då hadde kjent seg gløymde, ignorerte og ikkje viktige nok til å bli tekne på alvor av dei andre politikarane. Ho dreiv ein annan type valkamp enn det som tidlegare hadde vore normalen i amerikansk politikk. Valkampen til AOC var ein klassisk grasrotvalkamp. Ho snakka med veljarar i deira eigne nabolag og stilte opp på tallause folkemøte.

AOC dreiv valkamp nedanfrå og opp, med eit tydeleg bodskap om å setje interessene til folk flest framfor interessene til store selskap og interessegrupper.

Demokratisk leiestjerne

Etter at ho vart vald inn i Representantanes hus, har Ocasio-Cortez stått fjellstøtt og kjempa for den progressive politikken ho tok til orde for i valkampen. I 2019 introduserte ho, saman med senator Ed Markey, Green New Deal – ein ambisiøs plan for å skape millionar av nye arbeidsplassar i grøne næringar, samstundes som USA kuttar klimagassutsleppa.

AOC er òg ei av dei tydelegaste røystene i Kongressen for gratis offentleg helsehjelp til alle amerikanarar, for å sikre folk rett til eigen bustad og for å stå opp for rettane til kvinner og minoritetar.

No har AOC etablert seg som ei av dei største leiestjernene i det demokratiske partiet. Ho er ei av dei tydelegaste motrøystene mot Trump i offentlegheita, har enorme følgjarskarar på sosiale medium og er ifølgje målingar ein av dei aller best likte politikarane i USA.

Difor er det heilt naturleg at Alexandria Ocasio-Cortez blir løfta fram i amerikanske medium som eit aktuelt namn for 2028. Etter mi meining ville ho vore det klart beste valet for demokratane. Ho er sylskarp i debattar, har ei unik evne til å fremje tydelege politiske bodskap og mobiliserer breitt i mange av dei viktigaste veljargruppene.

Myten om dei moderate

Ei vanleg misforståing om amerikansk politikk er at dess meir moderat ein presidentkandidat er, dess større sjanse har vedkomande til å vinne. Argumentet om såkalla valbarheit er eitt av dei vanlegaste argumenta som blir brukte mot progressive kandidatar på venstresida, som Ocasio-Cortez.

Men dersom presidentvala i USA hadde blitt avgjorde av moderate sentrumveljarar, ville både Hillary Clinton ha vunne i 2016 og Kamala Harris i 2024. Begge er relativt moderate, sentrumorienterte kandidatar som dessverre tapte mot ein svært ytterleggåande Donald Trump.

Amerikanske presidentval blir nemleg ikkje berre avgjorde av moderate veljarar i sentrum, men i minst like stor grad av kven av dei to presidentkandidatane som klarer å mobilisere flest av sine eigne veljarar til å faktisk røyste. Valdeltakinga er nemleg ganske låg i USA, særleg i enkelte veljargrupper. Difor er det svært viktig med ein kandidat som inspirerer og motiverer veljarane ut av sofaen og inn i vallokala.

Eg er heilt overtydd om at AOC vil ha ei heilt unik evne til å skape den begeistringa, det engasjementet og den entusiasmen for ei politisk retning som demokratane treng for å vinne valet i 2028.