Å lære fleire språk kan halde hjernen yngre

Dei som snakkar to språk, har hjernar som ser ut til å vere seks år yngre enn hos dei som berre snakkar eitt språk, ifølgje ein ny studie.

Madelen Kloster
Publisert

Det å kunne fleire språk kan vere nyttig av mange grunnar. No tyder ein ny studie på at det også kan vere bra for hjernen, skriv The Guardian.

Forskarar frå Spania, Chile, Argentina og Irland har funne ein samanheng mellom det å kunne fleire språk og å halde hjernen «ung».

Rekna ut alderen på hjernen

Hjernen vår består av milliardar av nerveceller som kommuniserer med kvarandre. Etter kvart som vi blir eldre, blir kommunikasjonen mellom dei svakare. Forskarane undersøkte hjerneaktiviteten til over 700 personar frå Baskarland i Spania, der mange veks opp med fleire språk. Deretter brukte dei kunstig intelligens til å rekne ut kor «gammal» hjernen såg ut til å vere.

Studien viste at dei som kunne to språk, hadde hjernar som såg ut til å vere om lag seks år yngre enn hos dei som berre kunne eitt språk. Dei som kunne fire språk, hadde hjernar som såg ut til å vere om lag 13 år yngre.

Kan vere fleire forklaringar

– Denne studien tyder på at det å lære seg eit andre-, tredje- eller fjerdespråk kan bidra til at hjernen held seg yngre lenger. Og jo tidlegare ein startar, desto betre, seier professor Christina Dalla, nevroforskar ved National and Kapodistrian University of Athens.

Ho meiner funna viser kvifor språkopplæring bør støttast både i skulen og gjennom heile livet, sjølv om det kan vere krevjande.

Professor Eef Hogervorst ved Loughborough University meiner likevel ein bør vere varsam med å trekkje for bastante konklusjonar. Ho peikar på at fleirspråklege også kan ha andre vanar som er bra for hjernen, som å lese meir, lære nye ting eller spele instrument.