I dag er siste angrefrist for haustens studentar
150.000 studiesøkjarar må innan midnatt sørgje for at studieønska deira er sette opp i rett rekkefølgje, og at dokumentasjon er lasta opp.
Rekkefølgja på studievala kan endrast fram til klokka 23.59 i kveld.
– Det inneber ikkje at du bør vente til det er fem minutt att, seier opptaksdirektør Dag Hovdhaugen i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til NTB.
Han oppmodar alle til å gå inn og justere i god tid, og trekkjer fram at ein kan få problem med internett eller andre uventa ting tett på fristen. Dokumentasjon kan vere nødvendig frå studium i utlandet, militærteneste eller andre ting som kan gi tilleggspoeng. Vitnemålet frå vidaregåande skule vil normalt komme inn automatisk.
Studiesøkjarane kan ikkje leggje inn nye studieønske eller fjerne dei som er lagde inn, men dei kan justere rekkefølgja på dei inntil ti studia dei søkte på tidlegare i år.
Viktige prioriteringar
– Rekkefølgja er viktig. Årsaka er at du alltid vil få tilbod om den høgaste studieplassen på lista som du har nok poeng, altså gode nok karakterar, til å komme inn på, seier Hovdhaugen.
Han påpeikar at kva ein studerer, ofte har mykje å seie for livet vidare.
– Ein bør ha tenkt på både kva ein vil bli, kvar ein vil bu, og kva slags liv ein har lyst til å ha. For det er jo sånn at ulike karrierar kan jo gi ganske ulike liv, seier Hovdhaugen.
Det er rekkefølgja som ligg inne når fristen går ut, som blir den gjeldande søknaden. Om ein er sikker på at ingenting har endra seg sidan ein la inn ønska tidlegare i år, treng ein ikkje å gjere noko.
– Men vi vil jo alltid seie at det å gå inn og ta ein ekstra sjekk, at alt er i orden, er lurt.
Det er over 150.000 som har søkt studieplass ved 1395 studium i år.
– Fantastisk tid
Fersk leiar i Norsk studentorganisasjon, Eva Franko Aas, oppmodar alle til å søkje seg til studium dei er interesserte i.
– Det viktigaste er å velje mest med hjartet og litt med hovudet. Ein kjem alltid lengst ved å studere noko ein brenn for, seier Aas til NTB.
Ho forsikrar likevel om at det er mogleg å ombestemme seg undervegs i eit studieløp.
– For ein som sjølv har bytt retning etter tre år, var den beste måten å finne ut av kva eg ville, å berre komme meg inn i høgare utdanning, seier studentleiaren.
– Studentlivet er ei heilt fantastisk tid som byggjer identitet, vennskap og opplevingar for resten av livet, avsluttar Aas.
Førebudd på kriser
Sjølv om fristen klokka 23.59 gjeld for alle, seier Hovdhaugen at det er mogleg å finne løysingar dersom ein blir sjuk, utsett for ulykker eller opplever andre ekstraordinære situasjonar.
– Om du blir sjuk, hamnar på sjukehuset i dag og ikkje får gått inn og sjekka, eller det skjer noko heilt spesielt i livet ditt, så kontaktar du Samordna opptak med ein gong du har moglegheit. Så forklarer du kva som skjedde, og så finn vi ei løysing på det.
Han understrekar at dette berre gjeld særlege tilfelle.
– Ikkje om du berre har surra. Men vi opplever kvart år at det er nokon veldig få der det har skjedd noko, og vi skjønner at dette ikkje gjekk. Då finn vi løysingar, seier Hovdhaugen.









