Kommunar seier ja til fleire flyktningar

21 kommunar seier no ja til å ta imot sin del av dei 10.000 syrarane stortingsfleirtalet vil opne dørene for i år og neste år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunar seier ja til flyktningar

For ei veke sidan var det berre kommunane Hvaler, Overhalla og Tromsø som hadde sagt ja til å ta imot fleire syriske flyktningar. No svarer altså 21 kommunar ja, og berre i dei store byane Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø er det vilje til å ta imot 695 fleire, skriv Klassekampen.

Talet på kommunar som er positive til å ta imot fleire syriske flyktningar, er henta frå ei oversikt avisa har laga på bakgrunn av medieoppslag og førebels kartlegging av regjeringa.

LES OGSÅ: Ordførarkandidaten opnar hemen for flyktningar