UiT sa nei til Statoil-avtale

Universitetet i Tromsø går mot straumen, og sa nei til forskings-finansiering frå Statoil, i frykt for å mista kontrollen over eiga forsking.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Universitas. I motsetnad til fleire andre universitet i landet seier Universitetet i Tromsø (UiT) nei til ein avtale med Statoil som finansierer forskingsarbeid. Grunngjevinga var at universitetet sjølv ville eiga forskinga si.

Kenneth Ruud, prorektor på UiT, fortel til Universitas at rammeavtalen med Statoil omfattar mellom anna eigarskap av immaterielle rettar og utsett publisering.

Eit ankerpunkt var at Statoil skulle ha full eigedomsrett over forsking gjort ved UiT. Det kunne ikkje universitetet akseptera.

Hadde det dreia seg om delt forsking med Statoil sitt eige personell, hadde det vore annleis, men her var det snakk om 100 prosent eigarskap til noko forskarane våre utviklar, seier forskingsdirektør ved UiT, Pål Vegar Storeheier, til Universitas. Han leia forhandlingane med Statoil.

Statoil ønska ikkje å kommentera saka.

LES OGSÅ: Statoil og UiB med ny rammeavtale