Den nye leiaren i Unge Høgre vil jobbe for ei stor skulereform og ete middag med Finlands statsminister.
– Eg vil spele på heile det knallsterke laget vi har i Unge Høgre, seier Nicolai Østeby (23).
Han blei vald inn som ny leiar på Unge Høgre sitt landsmøte i helga.
I tillegg til å velje ny leiar, bestemte landsmøtet at dei ønskjer ei omfattande skulereform. Østeby meiner det er noko av det viktigaste dei kom fram til.
Nicolai Østeby
Alder: 23 år
Personleg pronomen: Han
Frå: Kristiansand
Utdanning: Pågåande bachelor i filosofi, politikk og økonomi ved Universitetet i Oslo
Favorittfag på skulen: Samfunnsfagleg engelsk
Verv: Tidlegare leiar av Kristiansand Unge Høgre og Agder Unge Høgre. Sentralstyremedlem frå 2022 til 2024, og nestleiar frå 2024 til 2026.
– Vi ønskjer ei studie- og yrkesretting av ungdomsskulen, mindre tidsbruk på det som ikkje er relevant for framtida, og meir valfridom til å dyrke eigne interesser og talent, seier han.
Må tore å ta store grep
– Eg melde meg inn i Unge Høgre fordi eg ønskjer eit samfunn der folk får bestemme mest mogleg over sine eigne liv, og der vi forandrar samfunnet for å bevare det beste med det. Og så var eg veldig oppteken av å bevare fritt skuleval i Kristiansand.
Hans viktigaste hjartesak er å bevare generasjonskontrakten.
– Vår generasjon og dei som kjem etter skal få oppleve velstands- og velferdsveksten våre foreldre har fått oppleve. Då må vi tore å ta store grep for å unngå at den kontrakten blir broten.
Men fordi han er liberalkonservativ, trur han ikkje på eit idealsamfunn.
– Vi må ta utgangspunkt i det samfunnet vi har og gjere endringane for å bevare det beste med det.
Vil setje premissane for moderpartiet
Førebiletet til 23-åringen er namnebror Nicolai Tangen i Oljefondet.
– Han har vist at det er verdt å kjempe for det som er rett, ikkje alltid berre det som er lett.
Og den neste kampen til Unge Høgre fell kanskje i denne kategorien. Når Ola Svenneby har henta tinga sine, seier Østeby at han vil begynne å setje premissane for Høgre sitt neste politiske prosjekt.
– Vi skal vise Høgre at mange av svara dei leiter etter allereie finst hjå Unge Høgre, seier den nyvalde leiaren.
Dei viktigaste sakene for Unge Høgre i år, er ein skule som førebur elevane på livet, at det skal bli enklare å tilsetje unge som også skal få sitje att med meir av eiga løn, og bekjemping av ungdomskriminalitet.
Middag med Stubb
– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?
– Instagram Reels, utan tvil.
Samstundes er sosiale medium ein av måtane Østeby held seg oppdatert, saman med tradisjonelle medium.
Skulle draumeoverskrifta hans dukka opp, ville den vore: «Putin-regimet i Russland har falle. Ukraina erklærer siger i krigen og har teke tilbake grensene frå 2014».
Den overskrifta hadde nok også draumegjesten til Østeby likt, for om han fekk invitere ein valfri person på middag, ville han gått for Finlands statsminister.
– Eg skulle gjerne invitert Alexander Stubb! Han har mange kloke tankar om korleis vi skal handtere ein ny verdsorden, der småstatar må forsvare sine eigne interesser.








