Julie (24) deler barndomsheimen med verda

Det var først då Julie Aksnes Williams reiste ut i verda at ho sette pris på heimstaden.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er noko magisk med Flåm om sommaren.

Det seier Julie Aksnes Williams (24). Ho er i Bergen når Framtida ringer ho opp, men ho bur i Vatnahalsen, ein togtur opp frå Aurlandsfjorden og bygda Flåm.

– Det er jo ei turistbygd på godt og vondt, men det gode er at det er veldig multikulturelt. Du har den skikkelege norske kulturen med fjell og fjord, men så har du også folk frå heile verda som jobbar der.

Den siste tida har 24-åringen byrja å dele korleis det er å bu på fjellet, i den gamle familiehytta, der det ikkje går an å kome til med bil. Togturar på Flåmsbana og tryning på sykkel ned Rallarvegen blir sett av hundretusenar på TikTok-kontoen hennar.

@juliesislandlife

Seeing the landscape turn greener the furtther we go is just amazing🌿🏔️☀️🌸 #flamrailway #norway #nature #commute #remoteliving

♬ original sound – Ryan

Julie har vore involvert i turistlivet rundt Flåm så lenge ho kan hugse. Det var likevel ikkje opplagt at ho skulle ende opp i barndomsheimen sin.

– Når eg skulle flytte, så tenkte eg «Eg kjem ikkje til å kome tilbake».

Som tenåring drøymde ho om utlandet, reiser og eventyr. Ho hadde ein fordom om at dei som kom tilbake til heimbygda for å starte på vaksenlivet, hadde yrkesutdanning og hadde ikkje fått vore ute og sett og opplevd noko.

– Og det skulle ikkje bli meg.

Skuletog og høgfjellsidyll

Julie Aksnes Williams vaks opp på Vatnahalsen høgfjellshotell, som besteforeldra hennar hadde eigd sidan 80-talet. Ho vart trilla ned Rallarvegen på sykkel når ho skulle leverast i barnehagen, og Flåmsbana vart skuletoget hennar.

Det vart mykje tid med konduktørane, og leksene vart gjorde i togsetet med utsikt til fjorden og fjellet.

– I retrospekt synest eg det var ein heilt magisk plass å vakse opp. Som barn tenker ein sjølvsagt ofte på det ein ikkje har, men det er meir ein småbygdsting, seier ho.

Det var ikkje kjøpesenter lett tilgjengeleg, og ingen andre ungar som budde i nærleiken, så ho var mykje for seg sjølv, og sprang rundt og klatra i tre. Heilt einsamt var det likevel ikkje.

– Med eit hotell så er det jo alltid gjestar, så eg prata mykje med turistar, og hjelpte til på hotellet.

Både som barn og i dag er Julie eit kjent fjes for konduktørane på toget. | Foto: Privat

Etter kvart som ho vart eldre, vart togturane ned til skulen upraktiske. Med berre seks elevar på skulen gjorde lærarane sitt beste for å tilpasse skuledagen, sjølv når toget ikkje kom fram før klokka var elleve, men då Julie starta i fjerde klasse, måtte ho flytte ned frå fjellet. Saman med mora, stefaren og veslesøstera fekk dei seg ei leilegheit i Flåm til vekedagane.

– Men det var framleis alle helgar og feriar der oppe.

Ut i verda

Valet om vidaregåande skule vart lett.

– Då visste eg at eg ville danse, for det elska eg i heile oppveksten. Vi hadde eit piano nede på seminarrommet på hotellet, så eg elska sånne ting, og eg kjende meg veldig, veldig klar for å flytte.

Etter vidaregåande vart det ei luke i pandemi-restriksjonane til å besøke heimstaden til faren på Barbados. | Foto: Privat

Det vart Firda Vidaregåande Skule på Sandane og hybel, og Julie fortel at ho kjende seg veldig sjølvstendig.

– Eg har jo blitt litt forma av staden eg budde, og har vore van til å ordne ting sjølv.

Etter vidaregåande fortsette ho å vere sjølvstendig. I 2020, midt i pandemiåret, bestemte ho seg for å flytte til Barbados i Karibia, der faren hennar er frå. Der budde ho i eit halvår, til landet var i ferd med å stenge heilt ned.

Så stakk ho til Florø for å bu med ei venninne, før det bar vidare til ei utdanning i business i Bergen.

Fleksibelt studium

Utdanninga gav fleire høve til å reise.

– Det var ein skule prega av at eksamen var det einaste som talde. Då såg eg mitt snitt og reiste mykje. Eg trur eg var innom 14 land på eitt år.

Ho var innom europeiske storbyar som Brüssel, Berlin, Budapest og Praha, tok seg ei runde i Polen og Kroatia, og var også innom dei skandinaviske naboane våre.

Siste året av bacheloren tok ho i Kina, som opna opp ei større verd.

– Eg var i Sør-Korea, Japan, Filippinane og i Thailand, når eg først var på den sida av jorda, fortel ho.

Men innimellom all reisinga hadde ho framleis eit anker i Flåm.

Å sjå heimen med nye auge

Før utdanninga hadde Julie ein sommarsesong heime der ho jobba for FjordSafari.

Kina gav fleire reisehøve, og Julie drøymer framleis om dra tilbake for å lære språket skikkeleg. | Foto: Privat

Dei trong båtførarar, så som 19-åring kursa ho seg i både båt og guiding i heimtraktene.

Jobben med FjordSafari gav eit nytt innblikk i heimstaden. | Foto: Kevin Breuer

– Når ein lærar å guide, får ein også høyre alle desse historiene frå dei små bygdene rundt omkring og historiene frå området, rett og slett, fortel ho.

Det var ein augeopnar for 19-åringen.

Shit, no skjønar eg kvifor folk kjem frå heile verda for å sjå dette her. Det er faktisk ganske mektige landskap eg har vakse opp i.

Ny kjærleik

Det vart fleire sesongar med FjordSafari, og heimstaden var ikkje det einaste Julie forelska seg i. I 2022 fann ho seg ein svensk kjærast blant dei andre guidane.

Begge var reiseglade, og dei to flytta saman til Göteborg, etter ho var ferdig med studia i Kina, og han var ferdig med ein guidejobb på Island.

– Vi var der eit halvår, og synest det var kjempekoseleg å vere nærare hans del av familien, men vi fann ut at vi ikkje er bymenneske.

Julie ville vere meir sosial, og trass i at Göteborg har ganske mange fleire menneske enn Flåm, var det vanskelegare å bli kjend med nokon når ho ikkje var student og ho jobba frå heimekontor. Dei sakna bygda.

– Med folk som likar å ta turar etter jobb, som er med på topptur etter jobb og den livsstilen ein får der. Det blir ei boble, og eg trur vi sakna den bobla.

Ein ekstrem bustadmarknad

Avgjerda vart teken, og Julie retta nasen heimover med kjærasten. Jobb var ganske sikkert, sidan begge hadde kontaktar i turistnæringa. Bustad var ikkje like sikkert.

– Det er så ekstreme bustadprisar. Ein tenar så sinnssjukt mykje meir på å leige ut til turistar på Airbnb enn ein gjer på å leige ut til folk som vil busette seg og etablere seg.

Familien har selt høgfjellshotellet for mange år sidan og bur no i Bergen, men familiehuset på fjellet vart framleis brukt som hytte. Då Julie endeleg bestemte seg for å kome tilbake, var barndomsheimen ein av få stader ho kunne bu utan å måtte betale blodpris. Det er noko ganske anna å berre betale dei løpande rekningane og gjere vedlikehald på huset.

@juliesislandlife

I honestly wouldn’t have it any other way🧶🪴🏔️ Flåm is a beautiful village with so much to offer, but summers can get busy. Up here, where the only sounds are birds and waterfalls, you can step away from it all. And dont get me wrong, I love social events and being around people so it’s nice to know I can always crash at a friend’s place if need be💃🏽 Thank you for the amazing response to my content lately! It’s been so fun seeing so many people enjoy these little glimpses of life here. More Flåm recs, village life, and local favourites coming soon 🌸☕️ #mountainlife #flåm #flamrailway #grandmashouse #cottagecore

♬ Monet’s Diary – James Quinn

 

– Det var eigentleg meir eit naudsynt utgangspunkt enn at det var draumen. Kanskje i kombinasjon med at eg verkeleg kunne tenke meg å bu der, for eg var der mykje sommaren før.

At dei no har ein fristad på fjellet der dei kan trekkje seg tilbake frå det sosiale livet i Flåm, er ein bonus.

Verda kjem til heimen

I dag jobbar Julie frå heimekontor med sosiale medium for fleire selskap, og i sommar er ho ambassadør for Flåm og Aurland som destinasjon og skal dele alt det flotte som eksisterer i heimtraktene.

Draumen er å kunne leve av å lage mer av sitt eige innhald, og ho har allereie blitt lagt merke til av eit internasjonalt publikum.

Fristaden til familien blir skildra som både hytte og kråkeslott. Det er bygd på i felire runder, og har innlagt straum og vatn, og eit særleg naudsynt internett for heimekontor. | Foto: Privat

Nokre blir fascinerte av livsstilen, andre har meir personlege spørsmål, og trur ikkje heilt på det ho deler.

Nokre gonger har det med at dei ikkje trur det går an å bu så aude.

Svenske og norske tradisjonar kan gå godt saman på fjellet for Julie. Her frå årets feiring av midtsommar. | Foto: Privat

– Andre stiller seg kritiske til at eg har vakse opp der, fordi eg ikkje ser så «norsk» ut, eller spør om korleis det er å vekse opp i eit så lite miljø som ein person of colour.

Men for det aller meste får ho positive tilbakemeldingar, spesielt frå dei som betyr mest: dei lokale som synest det ho deler er kjekt og representativt

– Det er eg veldig glad for, for eg vil verkeleg ikkje ende opp med å suge meir av lokallivet ut av Flåm, det er det siste eg vil.

Verdas navle

Sjølv om framtidsplanane ikkje er heilt fastsette, har ho nokre draumar. Ho er ikkje ferdig med å reise, og skulle gjerne hatt eit halvår til i Kina for å lære seg språket.

– Viss eg skulle sjå på det ideelle scenarioet, så hadde det vore å ha eit lite småbruk, helst i Flåm eller Aurland, det er jo høgst usannsynleg.

Det er rift om idylliske småbruk i Sognefjorden, så først trengst det pengar. Det beste for Julie hadde vore om det tok endå meir av på sosiale medium.

– Det er allereie jobben min for andre selskap, så kvifor ikkje berre gjere det for meg sjølv?

Og enn så lenge er ho på det ho synest er ein av dei beste plassane som finst: Flåm.

– Det er verdas navle. Du kjem deg til Bergen, du kjem deg til Oslo dersom du treng litt meir byliv. Eg kjenner meg ikkje ferdig med å reise, men på eit visst punkt vil ein ha ei base. Eg vil kjenne at eg har ein stad der eg har tinga mine, der eg har livet mitt og der eg trivst.