«Stop Killing Games» får EU-nei

Grunnleggaren av «Stop Killing Games» hadde med 1,3 millionar signaturar til EU for å be om lovpålagt bevaring av spel. EU-kommisjonen vil ikkje anbefale ei slik lov.

Hedda Aurdal
Publisert

Organisasjonen Stop Killing Games starta i 2024 ein kampanje for å gjere bevaring av spel lovpålagt globalt. Trass i 1,3 millionar underskrifter har EU no avvist forslaget.

Grunnleggjar Ross Scott oppretta kampanjen fordi han såg seg lei av at spel blir utilgjengelege etter at utgivarane deaktiverer serverane dei ligg på. Organisasjonen ønsker at det skal bli ulovleg å gjere spel utilgjengelege etter at nokon har kjøpt dei.

EU meiner dei ikkje kan anbefale ei lov som gjer at spel er tilgjengelege etter dei blir trekt frå sal. Grunnen er eksisterande lover om opphavsrett, skriv dei i ei pressemelding.

I staden for å gjere det ulovleg å stoppe støtte til eksisterande spel, vil kommisjonen heller jobbe med spelbransjen for å opprette retningslinjer for korleis ein skal pensjonere spel.

Meiner forbrukarar er beskytta

Ifølgje EU sine eigne lover om opphavsrett, har rettshavaren (dei som eig spela) eksklusive rettar over sine eigne verk.

I tillegg viste kommisjonen til eksisterande rettar for forbrukarar.

Det finst allereie regelverk for kva spelarar kan ha krav på av refusjon dersom tenesta dei har kjøpt, ikkje lever opp til rimelege forventingar.

Vil skape samarbeid

Planen til EU no blir å leie samtaler mellom spelbransjen og forbrukarorganisasjonar. Målet er å etablere retningslinjer for korleis ein bør legge ned eit spel.

Då forslaget til Stop Killing Games ikkje fekk gjennomslag, blir det opp til kvar enkelt utviklar å velje om dei vil følgje retningslinjene eller ikkje.