Politikk og samfunn

«Noreg treng eit system som faktisk vernar dyra»

– Dyr skal behandlast med respekt og omsorg, og mishandling av dyr må få konsekvensar, skriv Ingeborg Skjærpe Liland frå FpU.

Ingeborg Skjærpe Liland (17)
Styremedlem Sandnes og Jæren FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dyr har inga stemme. Dei kan ikkje fortelje når dei blir mishandla, svelt eller lever under dårlege forhold.

Derfor er det menneska sitt ansvar å verne dei og sikre god dyrevelferd.

I 2025 fekk Mattilsynet over 10 000 bekymringsmeldingar om dyr som ikkje hadde det bra. Likevel vart rundt 37 prosent av sakene ikkje følgde opp vidare på grunn av mangel på ressursar og kapasitet.

Dette viser tydeleg at dagens system ikkje fungerer godt nok.

Kan aldri aksepterast

Det finst mange årsaker til at dyr blir mishandla. I nokre tilfelle handlar det om mangel på kunnskap og ansvarskjensle hos dyreeigarar. Andre gonger kan rusproblem, psykiske problem eller vald i heimen vere ein del av årsaka.

Uansett grunn meiner Frp at dyremishandling aldri kan aksepterast.

Frp meiner at dyrevelferd må prioriterast høgare. Dyr skal behandlast med respekt og omsorg, og mishandling av dyr må få konsekvensar. Frp ønskjer difor strengare straffer for dyremishandling og alvorleg vanskjøtsel av dyr.

Partiet meiner òg at det må opprettast eit operativt dyrepoliti i heile landet for å sikre rask oppfølging av saker der dyr er i fare.

Eit system som faktisk vernar dyra

Samtidig meiner Frp at Mattilsynet må reformerast og styrkjast. Fleire tilsette må få betre opplæring og kompetanse innan dyrevelferd, slik at saker kan behandlast raskare og meir effektivt.

Når bekymringsmeldingar ikkje blir følgde opp, risikerer dyr å leve lenge med smerte, frykt og dårleg behandling utan hjelp.

Eit samfunn bør òg målast etter korleis det behandlar dei svakaste. Dyr er heilt avhengige av menneske for tryggleik og omsorg. Difor meiner Frp at Noreg treng eit sterkare fokus på dyrevelferd, strengare straffer mot mishandling og eit system som faktisk vernar dyra når dei treng det mest.