Identitet

«Vaksne politikarar gjer skeive borns tryggleik til ein årleg kulturkrig»

«Dag-Inge Ulstein skriv at prideflagget gjer skulegarden til ein konfliktarena. Eg meiner han snur saka på hovudet,» skriv Simen Bondevik.

Simen Bondevik (25)
Partiet Sentrum i Oslo
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av Framtida-redaksjonen.

Innlegget vart først publisert på Facebook-sida til Simen Bondevik, og i Blikk.

«I år hadde vi trengt KrFs flaggpolitikk,» skriv Dag-Inge Ulstein i ein kronikk i VG. KrF ønsker seg altså eit forbod mot å flagge med prideflagg ved skular, til fordel for at berre det norske og det samiske flagget skal kunne heisast i flaggstonga til skulen.

Det meiner eg er ein veldig dårleg idé. Ikkje fordi det norske flagget ikkje samlar. Men fordi svaret på usemje om pride og skeives rettar ikkje bør vere å fjerne synlege støtteerklæringar til skeive born og unge.

KrFs knallharde kulturkrig og retorikk mot pride og skeives rettar er verkeleg ikkje noko vi treng. Spesielt ikkje dei borna i skulegarden som sjølve er skeive eller veks opp med skeive foreldre.

Grunnleggande verdiar

At mange skular og barnehagar vel å heise prideflagget, er veldig bra. Det er ei viktig støtteerklæring til born som er skeive eller har skeive foreldre, om at livet og kjenslene deira er like rette og verdifulle som alle andre. Markering av pride og heising av pride-flagget er ein av mange viktige byggeklossar for å skape eit samfunn der ingen born må skamme seg eller skjule sin eigen identitet.

«La oss bruke skolens offisielle flaggstang til det som faktisk samler,» skriv Dag Inge Ulstein i kronikken sin. Men prideflagget burde ikkje vere eit symbol som splittar. Verdiane flagget representerer, er heilt grunnleggande i den offentlege skulen: at skeive menneske skal kunne leve trygge og gode liv, utan diskriminering, trakassering og hat.

At KrF sjølv vel å gjere denne enkle bodskapen til noko kontroversielt, er ikkje ein god nok grunn til å forby flagging med pride-flagg.

Skulen skal ikkje vere nøytral i møte med hets, fordommar og diskriminering. I formålsparagrafen i opplæringslova vert det heilt konkret trekt fram verdiar som likeverd og solidaritet, menneskerettar og likestilling. Utdanningsdirektoratet gjer det klart at det å heise pride-flagget og markere pride i skulen, er heilt i tråd med dei grunnleggande verdiane skulen er bygd på.

Ulstein skriv at prideflagget gjer skulegarden til ein konfliktarena. Eg meiner han snur saka på hovudet. Det er ikkje flagget som skapar problemet. Problemet oppstår når vaksne politikarar gjer skeive borns tryggleik og synlegheit til ein årleg kulturkrig.

Alle høyrer til

Skeive born og unge har større risiko for å oppleve mobbing, krenkingar, vald, overgrep, seksuell trakassering og hatkriminalitet, og å få dårlegare psykisk og fysisk helse. Å markere pride og heise regnbogeflagget, har stor tyding for opplevinga til born og unge av å høyre til og bli aksepterte. Det er eit signal om at alle høyrer til i fellesskapet. Det signalet bør ikkje fjernast fordi nokre vaksne synest det er ubehageleg. Tvert imot er det nettopp då det trengst.

Debatten om prideflagging handlar eigentleg ikkje om flagg. Han handlar om kva born vi ser og støttar, og kva born vi lar stå åleine i skulegarden. Å heise eit flagg som visar støtte til mangfald og skeives rettar, burde ikkje vere kontroversielt, heller ikkje for KrF.