Elevar er kritiske til eigen bruk av KI: – Det stoppar dei ikkje
Tre elevar frå Drammen vgs. fekk pris for forsking på unge sin bruk av kunstig intelligens i skulen. Termen «falsk suksess» peiker på kor problemet ligg.
– Prosjektet starta med at vi kjente oss igjen i temaet. Det er ekte for oss, seier Wakman Konarai (18) på telefon til Framtida.
Saman med klassekameratane Elnathan Shegaw Anagaw (18) og Abdikarim Fuaad Ali (17), skreiv han forskingsprosjektet «Det kostar ingenting. Det er derfor det er dyrt».
Prosjektet vann 2. plass i Holbergprisen i skulen.
I studien tar dei utgangspunkt i spørsmålet: Kva for ei betydning har kunstig intelligens for læringa, og trua på eiga meistring, for elevar?
– Det meste av forskinga er gjort på universitet, og i andre land. Det er nesten inga forsking på kva KI gjer med oss elevar, fortel Konarai.
Kva er Holbergprisen?
Holbergprisen blir delt ut som ei anerkjenning av banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss eller teologi.
Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen.
Formålet med konkurransen er å vekke interessa til ungdommar for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag.
Systemet sviktar
Allereie frå starten av visste dei at KI er blitt ein del av kvardagen for mange.
– Vi bruker også kunstig intelligens. Det gjer alle, seier Anagaw.
I studien intervjua gutane tre elevar som går studiespesialiserande program på vidaregåande skule om deira forhold til KI og skulearbeid. Prosjektet kjem fram til at elevar er klare over at å bruke KI i skuleoppgåver kan vere juks, men at dei vel å gjere det likevel.
Eitt av intervjuobjekta sa at å bruke KI i skulen er uetisk og dumt, men at han også gjer det.
– Problemet er systematisk. Det er karakteren som er viktigast. Når ein då har tilgang på eit verktøy som KI, blir det fort at ein bruker det, seier Konarai.
Falsk suksess
Gutane er tydelege på at løysinga ikkje er å bannlyse bruk av kunstig intelligens i skulen.
– KI er framtida, men det vi treng er fleire rammer. Læraren må utfordre bruken av KI heile tida. Det er ikkje rimeleg å forvente at elevane skal løyse eit problem skulen ikkje har tatt stilling til, seier Anagaw.
I oppgåva presenterer dei ein term som beskriv kva som skjer når elevar bruker kunstig intelligens for å få resultat.
«Falsk suksess» beskriv ein situasjon der eleven har brukt kunstig intelligens for å løyse ei oppgåve. Hen fekk ein god karakter, men har verken fått læringsutbytte eller kjent på meistring.
– Vi må vere kritiske og transparente til eigen bruk av KI. Det må vere tydlege retningslinjer for korleis vi kan bruke KI til skulearbeid, meiner Anagaw.
Mister trua på eigne evner
Trass i at elevar er kritiske til eigen bruk av KI, stoppar ikkje det dei.
– Elevane klarer å sette ord på kva dei gjer feil, og kva som er gale, men dei gjer det likevel. Det viser korleis skulesystemet er akkurat no. Systemet påskjønner karakter, meir enn innsats, seier Konarai.
Sjølv om mange lærarar seier at innsats blir lagt vekt på, meiner gutane at dei ikkje alltid klarer å vite når elevar har brukt kunstig intelligens.
– KI har utvikla seg mykje på kort tid. Det er lett å komme unna med å bruke det, meiner Konarai.
Gutane meiner at «falsk suksess» i skulen ikkje berre utfordrar elevar sitt læringsutbytte, men også deira tru på eigne evner.
– Ei vi intervjua sa det nesten perfekt: Ho hadde gjort skuleoppgåva, men fekk ikkje noko ut av det, fortel Konarai.
Treng eit felles læreverk
Dei tre klassekameratane meiner tydlegare rammer rundt bruk av KI i skulen kan vere ei løysing, men at det vil bli vanskeleg.
– Viss skulen gjer KI lett tilgjengeleg, vil nokon prøve å jukse. Men viss det fanst eit program eller eit verktøy som gjorde at ein faktisk lærte noko, hadde det vore ein start, seier Anagaw.
I tillegg peiker dei på at lærarane må vite kva som er god bruk av KI.
– Ein må framleis vere kritiske til informasjonen ein får frå KI, men mange modellar klarer å formidle informasjon på ein god måte. Det handlar om å bruke KI på ein aktiv og konkret måte som gir læringsutbytte.
Det startar med felles reglar og eit felles læreverk, meiner gutane.
– Vi har ein felles regel vi bruker sjølv. Om du kan forsvare det du har gjort munnleg, er det tydeleg at det er du som har gjort jobben. Du skal eige det, seier Anagaw.
Ny nasjonal anbefaling
Fredag 19. juni publiserte regjeringa ei ny nasjonal anbefaling om at KI på generell basis ikkje skal bli brukt i barneskulen. Det er først på ungdomsskulen at regjeringa anbefaler elevar og lærarar å smått ta i bruk kunstig intelligens.
– Det viktigaste i skulen, er at barna våre lærer å lese, skrive og rekne. Regjeringa har høge ambisjonar om moglegheitene innanfor kunstig intelligens, men samtidig viser forsking at ukritisk bruk av KI i skulen aukar faren for å hoppe over viktige ledd i læringa, uttalar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på nettsida.
Ifølge regjeringa viser fleire internasjonale undersøkingar at det har vore store fall i dei grunnleggande ferdigheitene til norske elevar. Samstundes aukar bruken av KI i grunnskulen. Det vil regjeringa snu.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) ber Utdanningsdirektoratet sende ut dei nye nasjonale anbefalingane, slik at dei kan bli brukte allereie til hausten.
1.-7.-klassingar skal i hovudsak ikkje få tilgang på kunstig intelligens, 8.-10.-klassingar kan bruke KI gradvis og forsiktig, med atterhald om at læraren har kompetanse til å rettleie, medan vidaregåande elevar bør lære å bruke KI kritisk, og med hensikt.
– Elevane har behov for kunnskap om KI, men eg meiner elevar, heilt opp i ungdomsskulen, ikkje treng å bruke KI i faga, før vi veit at det viktigaste ferdigheitene er på plass, uttalar Nordtun.







