Kokain meir vanleg blant unge vaksne i Noreg

Noreg har den høgaste sjølvrapporterte kokainbruken blant unge vaksne i Europa, ifølgje ein ny rapport frå EUs narkotikabyrå (EUDA).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Rapporten omfattar personar mellom 16 og 30 år og viser at bruken er størst i byane og ofte knytt til helgar, uteliv og festkultur, skriv NRK.

Helsedirektør Cathrine Lofthus seier utviklinga er urovekkjande. Ho viser til at både talet på personar som treng behandling for kokainavhengnad og mengda narkotikabeslag har auka dei siste åra.

– Vi er særskild uroa for bruk blant unge der hjernen framleis er under utvikling, seier Lofthus til NRK.

Ifølgje tal frå Norsk pasientregister har talet på personar som fekk behandling eller utgreiing for kokainavhengnad auka frå 286 i 2020 til 1070 i 2025. Samstundes peikar fleire på at stoffet er lettare tilgjengeleg enn tidlegare.