Reagerer på gjenbruk av regnskogpengar
Regjeringa tek 40 millionar frå regnskogsatsinga for å finansiere gåva til TV-aksjonen for Regnskogsfondet. Opposisjonen reagerer med vantru.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regnskogkritikk mot regjeringa
Det er tradisjon at regjeringa gir ei solid gåve til det valde føremålet til TV-aksjonen, som i år går til Regnskogsfondet. Frp- og Høgre-regjeringa ønskjer no å ta desse pengane frå bistandsbudsjettet, skriv Bergens Tidende.
LES OGSÅ: Erna rosar regnskogtiltak
Pengegåva er i alt på 40 millionar kroner, og i budsjettdokumentet står det at dette vert gjort innanfor gjeldande løyving for klima- og skogsatsingen, skriv avisa.
– Kor småleg kan ein bli? Her grev regjeringa fram milliardar i skattelette, men dei klarer ikkje finne 40 nye millionar kroner til TV-aksjonen, seier Bård Vegar Solhjell (SV) til BT.
Klima- og miljødepartementet svarar at det er vanleg praksis å gjere det på den måten. (©NPK)