Nasjonalbudsjettet: Billigare månadskort og Temu-toll

Over 40 timar på overtid vart Ap, Sp, SV, MDG og Raudt einige om revidert nasjonalbudsjett. Billigare månadskort, høgare minstepensjon og kraftig klimasatsing står sentralt.

NPK-NTB
Publisert

– Det er fem ulike parti som har funne saman til éi felles einigheit. Me har vist Noreg no at me klarer å finna saman om budsjett som gjer Noreg betre, tryggare og meir rettferdig, sa finanspolitisk talsperson for Ap Tuva Moflag på ein pressekonferanse på Stortinget søndag kveld.

Avtalen sørgjer for omtrent ei dobling av løyvingane til straumstøtte og noregspris, og fører vidare fleire tiltak frå det opphavlege forslaget – mellom anna lettar i inntektsskatten, låge barnehageprisar, gratis SFO og auka barnetrygd.

– For Arbeidarpartiet er det viktigaste at me får eit budsjett som vil gi tryggleik for norsk økonomi og for norske arbeidsplassar, sa Moflag.

Oljepengebruken er uendra samanlikna med statsbudsjettet frå desember – 2,7 prosent – og ligg innanfor handlingsregelen på 3 prosent. Samanlikna med det reviderte forslaget frå mai blir likevel oljepengebruken auka med 4,8 milliardar kroner.

Billigare månadskort og fleire i barnehagane

Ei av dei største satsingane er over éin milliard kroner til kollektivtransport. Månadskortprisen blir kutta med 160 kroner frå 1. juli, noko som gir eit priskutt på minst 260 kroner i dei fleste fylke i løpet av året og 310 kroner i Oslo.

Det betyr at månadskortprisen i hovudstaden kan komma ned i 499 kroner.

I tillegg blir det sett av 600 millionar til oppgradering av tog og kollektivtilbod og 50 millionar for at fylka og togselskapa kan sikra billigare togbillettar.

– Det har lenge vore altfor dyrt for folk å velja kollektivt, difor kutter me igjen billettprisen, understreka finanspolitisk talsperson for SV Marthe Hammer.

SV sikrar òg 350 millionar til toppa bemanning i barnehagane, noko som gir rundt 500 fleire tilsette.

– No får barna fleire vaksne rundt seg, og dei tilsette fleire kollegaer å lena seg på, sa Hammer.

– Historisk av tre grunnar

Raudt har fått gjennomslag for eit kronetillegg på 8000 kroner til alle minstepensjonistar frå 1. mai, med tilbakeverkande kraft.

Auken gjeld både einslege, gifte og sambuande minstepensjonistar, og alle minstepensjonane held fram med å vera skattefrie.

– Dette er historisk av tre grunnar. For det første har aldri minstepensjonen vorte auka i eit revidert budsjett tidlegare. For det andre går auken ikkje berre til einslege minstepensjonistar, men også til gifte og sambuande. Sist, men ikkje minst, har minstepensjonane aldri vorte auka så mykje i kroner og øre i eit forlik som det me får til no, sa finanspolitisk talsperson for Raudt Mimir Kristjansson.

Raudt har òg fått fjerna eigendelar for helsetenester for alle under 18 år frå 1. august og sikra 100 millionar til styrking av tannhelsetenesta i fylka.

I tillegg blir kutta til gifte og sambuande uføre som fekk innvilga ytinga før 2015 reverserte.

Ingen nye avgifter

Senterpartiets store satsing har vore å styrkja bygg- og anleggsbransjen. I revidert budsjett får næringa ei innsprøyting på 3,6 milliardar kroner, og låneramma i Husbanken blir auka med 2 milliardar.

Sp fekk òg gjennomslag for Stad skipstunnel. Dei 150 millionane skal finansiera anbodsprosessen, slik at kontraktane kan skrivast i haust. Ap understrekar at dei ikkje har endra ståstad i saka, men at det i ei forhandling handlar om å både gi og ta.

Partiet har òg sikra at det ikkje blir nye avgiftsaukar innførte på drivstoff og at det ikkje kjem innstrammingar i oljepolitikken.

– Folk som er avhengige av bilen i kvardagen, skal ikkje få ei ny rekning frå staten. Me kuttar utslepp med tiltak som verkar, ikkje med å gjera kvardagen dyrare for folk som ikkje har reelle alternativ, sa finanspolitisk talsperson for Sp Bjørn Arild Gram.

Fylkesvegane får 1 milliard ekstra, medan jernbanen får 300 millionar.

Kraftig klimasatsing

MDG har fått gjennomslag for ei kraftig klimasatsing. Nesten halvparten av pengane i einigheita går til miljøtiltak, mellom anna 1 milliard til karbonfangst som åleine vil kutta utslepp tilsvarande 60.000 bensinbilar.

Det blir òg innført tiltak mot korttidsutleige som Airbnb, ei tekstilavgift på nye klede blir greidd ut, og det blir foreslått toll på småpakkar frå utlandet – som Temu-varer.

MDG og Raudt har begge fått gjennomslag for 100 millionar kroner til Oslofjorden, mellom anna til å rydda strender, dyrka blåskjel og tare, og kompensasjon til fiskarane som blir ramma av fiskeforbodet.

– Me gjekk inn i forhandlingane med krav om pengar til kollektiv, klimaomstilling og Oslofjorden, og eg er glad for at me har fått gjennomslag i alle tre saker, seier finanspolitisk talsperson for MDG Ingrid Liland.

Steile frontar

Det har vore stor avstand mellom partia i løpet av helga. Særleg klima og utsleppskutt og den totale kostnadsramma har det vore vanskeleg å bli einige om.

Ap hadde opphavleg frist midnatt til laurdag om å bli einige med dei andre partia, men tekst og tal måtte ikkje leverast før måndag klokka 10, så partia har kunna forhandla gjennom helga.

Forhandlingane byrja 21. mai og har vore prega av steile frontar, særleg over at regjeringa kutta over 1 milliard kroner i klima- og miljøløyvingar i forslaget sitt.