Fri-leiar om pride-undervisning: – Ungane skal lære om demokratiet vi lever i
Både Kunnskapsdepartementet og Fri er tydelege på at ein kan søke om fritak frå aktivitetar i skulen, men at kompetansemåla om kjønn og seksualitet er obligatoriske.
– Eg er redd for at folk kanskje ikkje heilt forstår kor skadeleg innsamlinga og haldningane som han spreier er for skeive barn og unge.
Det skriv Stephen Adom, leiar i Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, om innsamlinga til Kristent Ressurssenter mot pride i skular og barnehagar.
– Det er kjempetrist, skriv leiaren til Framtida.no.
Millionspleisar for og mot skulepride
Pengane i spleisen til Kristent ressurssenter går til advokatar for foreldre som meiner at barna deira ikkje får tilstrekkeleg fritak og alternativt opplegg når skular og barnehagar markerer pride og har undervisningsopplegg knytt til det.
Overskotet skal gå til prosjekta deira Stoppride.no og Skeivteori.no. I skrivande stund har spleisen samla inn over 1,2 millionar kroner.
Debatten har fått ekstra mykje merksemd etter Mia Navestad Haugland laurdag kveld oppretta ein motspleis der pengane går til Foreningen Fri. I skrivande stund har ho samla inn meir enn to millionar kroner på ei knapp veke.
– Midlane vil gå til vårt arbeid som fremjar kunnskap, inkludering og respekt for mangfald i skulen, skriv Adom om motspleisen.
Politikk i skulen
Truls Olufsen-Mehus, styreleiar og prosjektleiar i Kristent ressurssenter, fortel til Framtida at hovudargumentet mot pride i skulen er at det er politisk.
– Foreningen Fri er hovudarrangør og importør av pride, og dei brukar pride som politisk påverknadsarbeid. Då meiner vi prinsipielt at ei politisk markering ikkje høyrer heime i skular og barnehagar, seier han på telefon når vi ringer han tidlegare i veka for å høyre kva han synest om motspleisen.
Adom i Fri er heilt samd med Olufsen-Mehus om at pride er politisk, både som ein kamp for politiske rettar skeive har kravd opp gjennom historia, og ei markering av fridomen dei etter kvar har fått. Det meiner han ikkje utelukkar at det skal vere ein del av skulen.
– Så lenge forsking og levekår viser at skeive som gruppe er meir utsette for diskriminering, hets, psykisk uhelse, og så vidare, treng vi meir openheit, synlegheit og kunnskap, ikkje mindre, skriv han.
Fritak frå undervisning
Noko av kjernen i debatten handlar om kor vidt elevar kan få fritak frå dersom skular har markeringar som å heise regnbogeflagg, eller undervisning som er relatert til pride.
– Viss foreldre eller elevar skal ha fritak frå aktivitetar som dei opplever som livssynsnære, så har ein rett til det, forklarar Olufsen-Mehus.
Han seier at mange rektorar i dag ikkje gir dette fritaket når det kjem til pride, med ei grunngjeving om at skulane sitt opplegg er i tråd med kompetansemåla.
– Men pride er jo ikkje nemnd i kompetansemåla, og heller ikkje noko regnbogeflagg eller liknande markering. Då tolkar skulen mangfald i kompetansemåla altfor vidt.
Pride i tråd med norsk skule
Kunnskapsdepartementet stadfestar til Framtida at foreldre og elevar over 15 år kan få fritak frå aktivitetar i skulen som dei opplever er ei utøving av ein annan religion eller livssyn enn sitt eige, og at skulane då må ta ei konkret vurdering i kvart tilfelle. Elevane får ikkje fritak frå kompetansemåla i læreplanen om til dømes kropp, helse og mangfald innan kjønn og seksualitet.
– Læreplanane er heilt tydelege på at skulen skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar likeverd og likestilling. Skulen har difor full anledning til å markere pride og heise pride-flagg dersom dei ønsker det skriv statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap), via kommunikasjonseininga til departementet.
Han vektlegg at alle har rett til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.
– Debatten om å forby regnbogeflagget kan bidra til å gjere skulen til ein mindre trygg stad for dei som treng det mest. Det er viktig for desse barna å vite at dei også høyrer til i fellesskapen, og at det er trygt for dei å vere seg sjølv. Å heise pride-flagget og markere pride er ein fin måte å vise alle barn og unge at dei høyrer til i fellesskapen.
Pride er større enn Fri
Adom frå Foreningen Fri legg til at foreldre kan be om alternativ undervisning.
– Men ungane skal lære om demokratiet vi lever i. Dei skal lære om mangfaldet av seksualitet og om kjønnsmangfald som eksisterer. Dei skal bli trygge i seg sjølv, uansett kven dei er eller kven dei elskar. Det er opplæringslova tydeleg på. Og at nokre blir krenkte av det, er, igjen, berre trist.
Organisasjonen har tru på at fagfolka i forskjellige kommunar klarer å gjere kloke vurderingar av korleis mangfald skal gjerast synleg og jobbast for gjennom året. I tillegg er han tydeleg på at pride ikkje er einstydande med organisasjonen hans.
– Fri meiner at heile det skeive miljøet skal ha definisjonsmakta over kva pride er, og kva regnbogeflagget betyr. Og skeive er som alle andre – både religiøse og ikkje-truande. Samstundes er vi klare på at ultrakonservative religiøse heterofile, som meiner homofili er synd, eller nektar for transpersonars eksistens, absolutt ikkje kan ha noka stemme i denne «debatten».








