FHI: Kraftig auke av psykiske plager hos unge vaksne dei siste 15 åra
Særleg blant unge kvinner har andelen som rapporterer om psykiske plager auka. Hos dei eldre er nivået stabilt eller går ned.
Nye analysar publisert i Folkehelserapporten viser korleis psykiske plager har utvikla seg blant vaksne i den norske befolkninga dei siste 30 åra.
Analysen viser ein tydeleg forskjell mellom aldersgruppene. Psykiske plager hos unge vaksne har auka markant dei siste 15 åra, medan nivået blant eldre er stabilt eller går ned.
– Ei mogleg forklaring er at samfunnsendringar påverkar aldersgrupper ulikt, seier Benedicte Kirkøen, seniorforskar ved avdeling for psykisk helse i FHI.
På slutten av 90-talet rapporterte under 20 prosent av kvinner i 20-åra om psykiske plager. Til samanlikning rapporterte mellom 30 og 60 prosent om det same i ulike undersøkingar etter 2020.
Blant unge menn har det også vore ein tydeleg auke, frå rundt 10 prosent til mellom 30 og 40 prosent i same periode. I perioden 2023 til 2024 rapporterte rundt 60 prosent av kvinner og 40 prosent av menn i aldersgruppa 20 til 29 år om psykiske plager.
Tala viser ein auke dei seinare åra blant personar i 30- og 40-åra, medan funna for 50-åringar er meir varierande.
I aldersgruppa 70 til 79 år melder rundt 20 prosent av kvinner og 10 prosent av menn om psykiske plager. Fleire studiar viser også ein nedgang i denne aldersgruppa over tid.
Dei sjølvrapporterte undersøkingane visest også i kontakt med helsetenestene. Andelen som kontaktar helsetenesta for psykiske symptom og lidingar har auka. Rundt to av ti vaksne tok kontakt med helsetenesta for psykiske lidingar i løpet av 2023.






