82 menneske er døde etter ein eksplosjon i ei kolgruve i Kina, ifølge BBC. 128 menneske skal vere skada og sendt til behandling på sjukehus.
Ulykka skjedde i Shanxi-provinsen, nord i Kina. Eksplosjonen skal skuldast gass, men årsaka til at gassen eksploderte er ikkje kjent.
Det var 247 menneske på jobb då det small. President Xi Jinping seier at no må full innsats til for å behandle såra og søke etter overlevande.
Myndigheitene har sett i gang kontrollar av dei andre gruvene i provinsen, og stoppa produksjonen. Dette er den største gruveulykka i Kina sidan 2009.
Redningsarbeidarar førebur seg på å reise ned i gruva Liushenyu. | Foto: Cao Yang/Xinhua via AP
Atomvåpen-allianse mellom Noreg og Frankrike
Noreg og Frankrike har no signert ein forsvarsavtale som pliktar Frankrike til å hjelpe Noreg militært ved behov, skriv VG.
Ti land har gått saman om avtalen, som har fått namnet «Narvik-avtalen». Den opnar mellom anna for at fransk militært materiell kan bli lagra i Noreg.
I tillegg skal Noreg samarbeide med Frankrike om atomvåpen-avskrekking. Statsminister Jonas Gahr Støre seier at det framleis aldri skal vere atomvåpen på norsk jord i fredstid.
Både Bjørnar Moxnes (Raudt) og Kirsti Bergstø (SV) meiner avtalen er ein dårleg idé. Moxnes seier det er sannsynleg at Frankrike vil prioritere eigne interesser om det kjem til stykket.
Statsminister Jonas Gahr Støre møter Frankrikes president Emmanuel Macron i Élysée-palasset i Paris. | Foto: Ole Berg-Rusten/NTB
Rekordvarm mai
Det er rekordvarmt i Europa og Søraust-Asia. Storbritannia hadde denne veka den varmaste mai-dagen i historia, før rekorden blei slått igjen dagen etter. Det skriv BBC.
I London klatra gradestokken over 35 gradar på tysdag. Det er heile to grader varmare enn den tidlegare rekorden frå 1944, som til no hadde stått i 82 år.
Varmen kjem av høgtrykk, som no ligg som eit lokk over Vest-Europa. Det kjem til å skje oftare dei neste åra, og er eit tydeleg teikn på klimaendringane.
Også India har vore rekordvarm i mai, med temperaturar opp mot 45 grader. Der har skulane stengt tidleg, det har vore skogbrannar, og folk blir bedne om å halde seg inne.
Varmen har ført til fleire dødsfall. I Storbritannia og Frankrike har fleire drukna, og i India og Frankrike har folk døydd som følgje av heteslag.
Ein mann bader seg ved Ganges i India. | Foto: AP Photo/Rajesh Kumar Singh
Cuba i krise
Trump har auka presset på Cuba, og seier denne veka at han førebur seg på regimekollaps før sommaren, skriv Axios.
Støtta til regimet, som nyttar vald, tortur og har forbydd politisk mangfald, er historisk låg hjå kubanarane, og det har dei siste vekene vore fleire demonstrasjonar.
Ein journalist på Cuba seier til TV2 at mange kubanarar no er villige til at USA grip inn militært på øya. Ifølge Axios skal USA ha trent på nett det tidlegare i år.
Cuba er avhengig av olje for å produsere straum. Til no har dei fått olje frå Venezuela, men USA har blokkert forsyningane sidan januar.
Mange kubanarar lever no i ekstrem fattigdom. Det er stor mangel på varer, og utan straum kan ikkje sjukehusa fungere. Det blir òg vanskelegare å få reint vatn.
Cuba sin president Miguel Diaz-Canel, nr. to frå venstre. | Foto: AP Photo/Ramon Espinosa
Store protestar i Serbia
Opp mot 200 000 menneske skal ha samla seg for å protestere mot myndigheitene i Serbia, skriv Le Monde.
Ifølge CBS News var protestane i hovudstaden Beograd fyrst fredelege, men unge demonstrantar og politiet skal seinare ha barka saman. Det er ikkje kjent om nokon er skada, men meir enn 20 er fengsla.
Under slagordet «Studentar vinn» har demonstrantane vist misnøya si sidan 2024. Då kollapsa eit tak på ein togstasjon, og 16 menneske mista livet.
Demonstrantane meiner kollapsen kjem av systematisk korrupsjon og dårleg kontroll, og krev tidleg val.
Den einerådande presidenten Aleksandar Vucic har forsøkt å slå ned på protestane, og seier demonstrantane no har vist sin «valdelege natur».
Framtida.no prata med ein serbisk demonstrant i fjor:
I 2023 sette Kina seg eit mål om å kutte dei store klimagassutsleppa med 7–10 prosent innan 2035. Ein ny rapport frå forskarar i BloombergNEF viser at Kina vil kutte langt meir utslepp enn målet dei har sett seg.
Ifølgje rapporten skal Kina kutte 17 prosent av klimagassutsleppa sine innan 2035, og 50 prosent innan 2050.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.