Politikk og samfunn

«Vi er mange som vil jobbe. Då må nokon også tore å satse på oss»

«Eg trur mange arbeidsgivarar gløymer at unge faktisk prøver. Vi møter opp på intervju, sender søknader og seier ja til jobbar vi kanskje aldri hadde sett føre oss å ha,» skriv Hedda Sofie Riddervold.

Hedda Sofie Riddervold (22)
Akershus Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sommaren nærmar seg, og eg er neppe den einaste som har søkt sommarjobb i år. Likevel kjennest det som eit lotteri kvar gong: Anten får eg jobb, eller så får eg det ikkje. Femti, femti.

Eg har hatt mange ulike sommarjobbar opp gjennom åra. Eg har vore trenar, pleiemedhjelpar, servitør, gras­klippar og søppelmann – eller søppeldame. Det har vore lærerikt og til tider kjekt. Eg har fått prøvd meg i ulike roller og blitt kjend med nye menneske.

Problemet er berre at desse jobbane sjeldan varer. Av ulike grunnar må eg starte heilt på nytt igjen kvar sommar.

Stiller svakare

Det høyrest kanskje positivt ut å gå på sitt fjerde jobbintervju. Ein får øving, lærer kva ein skal seie og blir tryggare. Men det er også ganske demotiverande når resultatet er det same kvar gong: avslag. Denne sommaren ser det ut til at eg igjen blir ståande utan jobb.

Den største utfordringa med dette «50/50-tilværet» er at eg aldri rekk å byggje opp referansar. Når eg søkjer på nytt, stiller eg alltid litt svakare. Og då dukkar dei same grunngjevingane opp: Du er for ung. Du er for gammal. Nokon andre har meir erfaring. Vi treng nokon som kan jobbe 100 prosent fordi andre tilsette skal ha ferie. Eller: Du kan ikkje jobbe akkurat den eine veka vi treng folk mest.

Eg er tilgjengeleg frå 23. mai til 11. august. Likevel verkar det som om alt blir avgjort av éi veke – den første i juli, som alle arbeidsgivarar tydelegvis elskar.

Gi oss ein sjanse

Eg trur mange arbeidsgivarar gløymer at unge faktisk prøver. Vi møter opp på intervju, sender søknader og seier ja til jobbar vi kanskje aldri hadde sett føre oss å ha, men når alt skal vere perfekt, full tilgjengelegheit, masse erfaring og fleksibilitet heile sommaren, blir det vanskeleg å få ein fot innanfor.

Kanskje må arbeidsgivarar bli flinkare til å gi unge ein sjanse, sjølv om vi ikkje kan jobbe absolutt heile sommaren. Kanskje bør det opprettast fleire sommarjobbar tilpassa studentar og ungdommar, i staden for å forvente at éin sommarvikar skal dekkje alt.

Vi er mange som vil jobbe. Då må nokon også tore å satse på oss.