Undertøy-deepfake av Italias statsminister: – Tenk før de deler

Italias statsminister går hardt ut mot dei som deler KI-genererte bilete av henne.

Einar Nygaard
Publisert

Italias statsminister, Giorgia Meloni, varsla tysdag på Facebook om at det har blitt spreidd KI-genererte bilete av henne, såkalla «deepfakes». Det skriv The Guardian.

Nokre av dei falske bileta avbildar henne i undertøy.

– Tenk før de deler

På Facebook skriv statsministeren at bileta er forfalska, og at «deepfakes» er eit farleg verktøy.

Ho legg ved eit KI-generert bilete, der ho sit i ein nattkjole på ei seng.

Ifølge The Guardian skal forfalskinga ha gått viralt, og blitt etterfølgt av fleire som går hardt ut mot Meloni, i den tru at bileta er ekte.

«At ein statsminister viser seg på ein slik måte er verkeleg skammeleg. Det er uverdig for rolla hennar. Ho eig inga skam», skal ein brukar ha skrive.

På Facebook skriv Meloni at ein må vere kjeldekritisk.

– Tenk før de deler. I dag skjer det med meg, i morgon kan det skje med kven som helst.

Tusenvis er ramma

I september blei Italia det fyrste EU-landet som godkjende ei utfyllande lov for regulering av kunstig intelligens, og innførte fengsel for dei som nyttar KI til å skade andre.

Lova kom som eit resultat av at fleire forfalska pornografiske bilete av kjende italienske kvinner blei delt på internett.

Til saman er tusenvis av kjendisar i fleire land ramma av pornografiske forfalskingar.

Les meir: