Jordtimen bra for klimasaka

Det verdsomspennande klimamarkeringa Jordtimen har gjort nordmenn meir medvitne om klimautfordringane, viser ei undersøking som Norstat har gjort for WWF-Norge.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange som 84 prosent av dei spurde sa dei kjenner til Jordtimen – på engelsk Earth Hour – mens 44 prosent meinte at den årlege markeringa har fremja klimasaka. WWF-Noreg er godt nøgde med at 17 prosent seier at dei har vorte meir klimaengasjerte av Jordtimen.

– Det er eit tal vi er veldig stolte av. Det er ikkje mange kampanjar som kan vise til ei liknande oppslutning, seier generalsekretær Nina Jensen i WWF.

Organisasjonen reknar med at rundt 1,6 millionar nordmenn sløkte lysa 28. mars i år. På verdsbasis skal over ein milliard menneske i 172 land har vore med på klimamarkeringa. (©NPK)

LES OGSÅ: Derfor bør du slå av lyset under Earth Hour