«Det skal aldri vere plass til feig rasisme i Noreg!»
Dersom ytringar som Hansen sine vert normalisert i samfunnet vårt, mister vi evne til å definere kor grensa går mellom debatt og reinspikka rasisme, skriv Nora Thorland frå AUF.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I helga kom Hårek Hansen, tilsett i FRP som rådgivar for Simen Velle, med ytringar som er vonde nok til å sende kalde gufs ned ryggen på mange av oss. I samtale med to journalistar frå TV2 ytra Hansen at han meinte pakistanarar i Noreg ikkje burde få barn. Då han vart konfrontert med kvifor var svaret «Fordi de er målbart … målbart minusvarianter.»
Utsegna minner mest om rasepropaganda frå 1940-talet. Hansen sitt tankesett definerer menneske og deira verdi ut frå kva for etnisitet dei har.
Haldingane hans er ikkje berre usmakelege. Dei er farlege.
For samfunnet vårt har så alt for mange gangar fått oppleve kor farleg rasismen kan vere. Seinast i fjor sommar vart Tamima Nibras Juhar offer for rasistisk drap, og før ho har det vore tallause andre. Derfor vert det for dumt av Hansen å unnskylde orda sine med promille og humor. Noreg er ikkje historielause. Dette er rasisme.
«Du må ikke sove.» skreiv Arnulf Øverland i 1937. 8 år seinare hadde rasismen rokke å ta 6 millionar liv. Den gang var vi sløve. Vi sov i timen og vakna ikkje før katastrofen allereie var skjedd. Denne gangen skal vi vere vakne. Rasisme og hat skal aldri igjen få grobotn i Noreg. Verken i gatene våre eller på telefonane våre, og i alle fall ikkje i partia som er med å styre landet vårt.
Dersom ytringar som Hansen sine vert normalisert i samfunnet vårt, mister vi evna til å definere kor grensa går mellom debatt og reinspikka rasisme.
Det kan vi ikkje la skje.
Etter 2. verdskrig lova vi oss sjølve å aldri la historia gjenta seg. No er tida kommen der dette er blitt vårt ansvar. Det er eit ansvar vi må forstå alvoret i. Vi må vere tydelege i møte med ytringar som truar verdiane landet vårt er bygd på. Kjærleik og varme må alltid komme over hat og sinne. Dette er ein kamp som aktivt må kjempast. Derfor må vi vere klokkeklare.
Det skal aldri vere plass til feig rasisme i Noreg!






