Engasjementet til den nyvalde Press-leiaren starta då han sjølv blei utsett for diskriminering og trakassering.
– Eg har to store førebilete når det kjem til leiing, og det er mora mi og noverande leiar av Press, Marius. Det er alltid dei eg går til for råd.
Det skriv Ask Stenseth-Kilstad (21) til Framtida.no på e-post. Han blei nyleg vald inn som ny leiar i Press – Redd Barna Ungdom.
No ønskjer han å vere ein leiar som vernar om det gode miljøet i organisasjonen, og held på prinsippet om at alle kan vere med uavhengig av livssituasjon.
Ask Stenseth-Kilstad
Alder: 21, blir 22 i år
Personleg pronomen: han
Frå: Hadeland, gamle Oppland!
Yrke/utdanning: Går no eit årsstudium i statsvitskap. Gjekk på musikklinja på vidaregåande.
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag, engelsk og kor!
Ulike verv: Har tidlegare vore nestleiar og sentralstyremedlem i Skeiv Ungdom, sete i lokallag og landsstyret i Sosialistisk Ungdom. No sit han, ved sidan av Press, i nominasjonskomiteen til Changemaker og Skeiv Ungdom, og er ungdomsdelegat til FNs generalforsamling.
Medlem i: Alt for mange organisasjonar, mellom anna Changemaker, Natur og Ungdom og Skeiv Ungdom.
– Samstundes ønskjer eg å vere ein tydeleg politisk talsperson som organisasjonen kan vere stolt av, seier Stenseth-Kilstad.
Nøydd til å sjå utover
Han seier Press jobbar med fleire viktige saker i 2026, men at dei tre viktigaste er regjeringas nye aldersgrense på sosiale medium, psykisk helse og utanforskap hjå barn og unge, og internasjonal bistand.
– Kampen om internasjonal fred er det aller viktigaste om dagen. Vi er nøydde til å sjå utover, samstundes som vi jobbar her heime. Vi er nøydde til å vere den fredsnasjonen vi seier at vi er, og det er umogleg medan vi òg tener pengar på krigføringa i Midtausten.
Det viktigaste dei diskuterte på landsmøtet, var røysterett.
– Press har sidan starten vore for 16-årig røysterett, og det blei igjen diskutert på årets landsmøte. Heldigvis blei det ståande, og vi er framleis for det!
Kjempar for transpersonars rettar
Engasjementet til Stenseth-Kilstad starta for fleire år sidan.
– For meg har det vore å sjølv vere utsett for diskriminering og trakassering som verkeleg sette fart på engasjementet. Eg må gi ein spesiell takk til Sosialistisk Ungdom, som var der eg fyrst starta og voks som aktivist.
Hjartesaka hans er skeiv frigjering.
– Og spesielt transpersonars rettar kjem nok alltid til å vere saka som står nærast hjartet mitt. Eg er òg veldig glad i klima, og meiner at klimakampen må sjåast i samanheng med alle politiske saker.
Begynner kvar dag med nyheiter
– Eg er veldig sosial av meg, og får energi av å vere med andre.
Når Stenseth-Kilstad ikkje er med vener, les han mykje og gjer yoga.
Han er òg glad i å gå rundt og ta bilete av fuglar.
Den største tidstjuven i kvardagen er telefonen.
– Det er ein hårfin balanse det med skjermtid. Sidan eg må nytte telefonen mykje til jobb blir det fort mykje i løpet av ein dag.
Men oppdatert på verda, det er han.
– Eg begynner kvar dag på jobb med å lese nyheiter! Eg er òg fan av nyheitsbrev på e-post.
– Mitt beste tips er å omringe seg med samfunnsengasjerte menneske som gjer at ein blir naturleg oppdatert.
Kjem alltid til å vere anti-kapitalist
– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?
– «Statskupp i USA, Demokratane har teke over».
For den nye Press-leiaren er idealsamfunnet eit samfunn der det ikkje finst sosiale eller økonomiske skilnader på folk.
– Eg kjem nok alltid til å vere ein inngrodd anti-kapitalist, og meiner at vi må la barn og ungdom ta større plass i politikken. Det er dei som er framtida, la dei vere med å forme verda.
Ser seriar på repeat
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor, og kva ville du servert?
– Min fyrste tanke er eigentleg at eg gjerne skulle invitert familien min ut på middag. Sjølv om alle er på Austlandet, er det sjeldan vi alle har tid til å møtast. Svar nummer to er at eg gjerne skulle ete middag med David Bowie, han er nok den mest interessante kjendisen eg veit om.
Men å lage mat sjølv? Absolutt ikkje.
– Ikkje fordi eg ikkje kan, men fordi eg synest det er få ting i verda som er like kjedeleg som å lage mat.

– Kva for ei bok burde alle lese?
– The Giver av Louis Lowry sette ein støkk i meg for mange år sidan, då eg las ho for fyrste gong. Den boka meiner eg verkeleg alle burde lese. Ho stiller spørsmålet om kva som eigentleg gjer menneske til menneske, kva kvalitetar er det vi har råd til å miste før vi mistar oss sjølv.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Eg ser seriar på repeat, og begynner sjeldan på noko nytt. Eg er veldig glad i sit-coms, så om eg skal skru av hjernen, set eg på How i met your mother eller Bob’s burgers.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Akkurat no er det «Dim all the lights» av the queen of disco, Donna Summer, som går på repeat. Men eg må gi ei heidersomtale til «Vi skal aldri gå hjem før soloppgang» av Ramon. Eg gler meg sjukt mykje til Ramuelo-albumet!









