«Vi treng opphavsrett mot KI»
– I ei tid der det blir vanskelegare og vanskelegare å skilje mellom ekte og falskt, trengst det ytterlegare rettsvern, skriv Evar Kristoffer Olaussen og Ailo Bjørke-Hagen i Raud Ungdom.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Dei siste par åra har kunstig intelligens utvikla seg kraftig, spesielt generativ KI. Dette synest spesielt innanfor kunst, litteratur, musikk og film. Det har vorte ekstremt enkelt for alle som vil å skrive inn eit prompt i for eksempel ChatGPT, og få eit produkt ut på få sekund.
Er ikkje dette fantastisk? Det at alle kan få tilgang til dette verktøyet er ei revolusjonerande utvikling i samfunnet, heilt gratis!
Men det er jo ikkje eigentleg gratis, er det vel?
Blotta for menneskeleg sjarm og kjensler
Ved hyppigare bruk av generativ KI bevegar vi oss frå kritisk tenking og kreativitet, mot tekstar og bilete genererte på under eitt minutt. Kunstige bilete er blotta for både menneskeleg sjarm og kjensler, og dessutan innsatsen og viljen til å skape. Vi gir då frå oss denne evna som er så ibuande menneskeleg.
Somme vil hevde at KI ikkje øydelegg for menneskeleg sjarm fordi produktet er ein slags sum av kreativitet i utgangspunktet.
At noko er laga av menneskeleg produsert data, betyr ikkje at sjølve prosessen er kreativ.
Kreativitet er også forankra i intensjon, erfaring, kroppslegheit, kjensler og risiko involvert.
Desse fysiske elementa som tilhøyrer noko essensielt ved menneskeslekta vil aldri bli varetekne av KI. Sjølv om generert kunst kan verke nytt på overflata, blir KI verande innanfor ramma av treningsdata og etablerte mønster.
KI ommøblerer på ting, men endrar sjeldan sjølve rommet. Det er ein veldig avgrensa bruk av ommøblering som kan beskrivast kreativt.
Treng ytterlegare rettsvern
Når vi tillèt datamaskiner å bruke ansikt og stemmer til å generere bilde, videoar og musikk, så mistar vi oss sjølve. KI er fullstendig uregulert og dette truar tryggleiken vår.
Ikkje berre svekkjer uregulert KI vårt eige rettssystem, ved at «bevis» oftare og oftare kan forfalskast ved hjelp av mellom anna deepfakes.
Det har påverknad utanfor rettssystemet også; pornografiske bilde og videoar, som blir genererte utan samtykke frå den som er avbilda, kan no oppstå på sekund.
Slike bilde og videoar krenkjer ikkje berre rettane til dei involverte, men heile samfunnet. Denne krenkinga tek frå opphavsretten til enkeltpersonars avbilding, og dette kan vi ikkje tillate. Vern for slike tilfelle er noko dei allereie har innført i både Danmark og i Nederland, altså at alle personar har rett til sin eigen kropp, ansikt og stemme. Noreg burde følgje deira døme.
Opphavsrett på personleg avbilding er i grunnen allereie beskytta av den norske åndsverklova, men i ei tid der det blir vanskelegare og vanskelegare å skilje mellom ekte og falskt, trengst det ytterlegare rettsvern.
Teknologien utviklar seg så raskt at det er staten som må sikre at samfunnet greier å halde tritt. Vi kan ikkje kvile på laurbæra medan identitetar blir kommersialiserte ved hjelp av kunstig intelligens.






