Ein mann er sikta for attentat mot Donald Trump, etter han forsøkte å storme ein gallamiddag sundag ettermiddag, skriv BBC.
Fleire viktige politikarar og offentlege personar var til stades på den årlege korrespondentmiddagen, mellom anna presidenten, visepresidenten og kabinettmedlemar.
Mannen skal ha sprunge gjennom sikkerheitskontrollen på staden med skotsikker vest og fleire våpen, men blei raskt stansa.
Ifølge tenestepersonar blei det fyrt av fleire skot, og ein Secret Service-agent blei treft, men ingen skal vere alvorleg skada. Den sikta risikerer livstid i fengsel.
Rettsteikning av den sikta. | Foto: Dana Verkouteren via AP
Europa blir varma opp raskast
Europa er kontinentet i verda som blir varma opp raskast, skriv NRK. Det blir varma opp dobbelt så raskt som snittet i verda.
Det kjem fram i ein rapport frå EUs klimaovervakingsteneste Copernicus.
Oppvarminga er ein konsekvens av klimaendringane. 95 prosent av Europa hadde i 2025 årstemperaturar over gjennomsnittet, og i fleire land var det rekordvarmt.
I rapporten kjem det òg fram at elver hadde mindre vatn, europeiske hav aldri har vore varmare, og at tusenvis blei ramma av stormar og flaum i fjor.
Ein skogbrann i Larouco, nordvest i Spania i fjor. | Foto: AP Photo/Lalo R
Dei sameinste arabiske emirata trekker seg frå Opec
Dei sameinte arabiske emirata melde seg denne veka ut av Organisasjonen av oljeeksporterande land (Opec), skriv E24.
Emirata trekker seg ut på grunn av nasjonale interesser. Det skjer samstundes som verda står overfor si største energikrise på fleire tiår, etter stenginga av Hormuzsundet.
Marknaden fall kort tid etter utmeldinga, men prisane henta seg raskt inn igjen.
Dei sameinte arabiske emirata var den tredje største produsenten i Opec i februar i år, og har vore medlem sidan 1967.
Illustrasjonsfoto: Ein oljearbeidar i Emirata. | Foto: AP Photo / Ian Walton
280 personar arrestert i fleire land
Det siste året har 280 personar blitt pågripe i ein internasjonal politiaksjon mot organisert kriminalitet, skriv NRK. Fleire titals av desse har blitt arresterte i Noreg.
Målet med aksjonen er å overvinne ein aukande trend med valdsoppdrag på nett, og rekruttering av unge til organisert kriminalitet.
Politiet har samarbeidd med store teknologiselskap som Google, Snapchat, Meta og TikTok i etterforskinga.
Det er Sverige som har ansvaret for aksjonen, og Noreg er blant elleve land som deltek.
Frå Haugenstua tidlegare i år, då det vart funne ein granat i ein konteinar. | Foto: Terje Pedersen NTB
Koordinerte åtak frå jihadistar i Mali
Fleire væpna grupper i Mali har samarbeidd om å gå til åtak mot landet sitt militære den siste veka. Det starta med skytingar i hovudstaden Bamako, men har også involvert andre sentrale byar og stader med store militære basar, ifølge BBC.
Forsvarsministeren i landet vart drepen i det som ser ut til å vere ei sjølvmordsbombing, ifølgje mediet.
Ein militærjunta gjennomførte eit statskupp i Mali i 2020, og dei noverande styresmaktene i Mali er allierte med Russland. Det er forskjellige militante grupper i landet, nokre alliert med Al Qaida og IS, og andre er separatistar som er meir fokusert på å sikre uavhengige landområde. Ifølgje den separatistiske gruppa Azawad Liberation Front (FLA) har russiske leigesoldatar mått forlate Kidal-området, som har ein av dei største militære basane i landet.
FN sin generalsekretær António Guterres seier han er djupt bekymra over situasjonen og ber det internasjonale samfunnet om å finne løysingar mot at valdeleg ekstremisme spreier seg i det såkalla «Sahel»-området, som strekker seg frå kyst til kyst sør for Sahara.
Malis juntaleiar, Assimi Goita, til høgre, i møte med Russlands ambassadør til Mali. | Foto: Mali Presidency via AP
Lyspunkt: Lågaste klamydia-tal på 20 år
Talet på klamydiatilfelle har falle dramatisk ifølge nye tal frå Folkehelseinstituttet (FHI). Det vart meldt inn 22 297 tilfelle i 2025. Det er det lågaste talet på 20 år, og ein nedgang på 4 prosent frå 2024 og 21 prosent frå 2023.
Overlege Anne Olaug Olsen i FHI seier dei ikkje har ei sikker forklaring på nedgangen. Likevel trur FHI at mykje merksemd og godt førebyggjande arbeid kan ha bidratt positivt.
Også gonoré går ned, sjølv om det er fleire tilfelle enn før blant menn som har sex med menn.
Det beste ein kan gjere for å unngå seksuelt overførbare sjukdomar er å nytte kondom, understrekar FHI.
Illustrasjonsfoto av klamydiatestar. | Foto: Gorm Kallestad NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.