Tsjekkias president vil ha «United States of Europe»
Tettare samhald er naudsynt for at Europa skal halde seg relevant i verda, meiner Petr Pavel, presidenten i Tsjekkia.
– Det blir tydelegare og tydelegare at den kommande perioden – og det vil ikkje vere ein kort periode – vil bli dominert av supermakter. Og Europa kan berre vere ei global supermakt viss vi snakkar med éi røyst, sa den tsjekkiske presidenten Petr Pavel under ein debatt arrangert av avisa Deník.
Han meiner Europa står i fare for trugslar og å miste konkurransekraft, og meiner statane i Europa bør slå seg saman til ein einskild føderasjon, slik statane i USA er sameinte.
Ein føderasjon, også kalla ein forbundsstat, er ein stat som består av fleire delstatar som har eigne styresmakter, men gir opp ein del av makta si til den føderale regjeringa.
– Eit United States of Europe er truleg den einaste løysinga for Europa om vi vil halde oss relevante på verdskartet, sa Pavel under debatten.
Europeisk identitet
Pavel meiner Europa ikkje lenger kan sjå over Atlanterhavet for tryggleik, eller sjå austover for energitryggleik. Han meiner difor Europa må ta grep for å stå stødigare på eigne bein.
– Og det betyr at vi må einast her i Europa. Først og fremst om essensielle ting, at vi vil ta vare på noko vi kan kalle ein europeisk kulturell identitet og arv, sa han.
Pavel er ein tidlegare general i hæren, og er ein uavhengig representant i parlamentet. Han gjekk til val på ein pro-vesten, pro-Europa, anti-populistisk valkampanje. På 80-talet var han medlem i kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia, noko han seinare kalla eit feiltrinn.
Macron: – Vi må reagere
Også den franske presidenten Emmanuel Macron har nyleg tatt til orde for at Europa må stå samla i ei meir uroleg verd.
– Vi kan ikkje undervurdere at dette er eit unikt augeblikk der ein amerikansk president, ein russisk president og ein kinesisk president er totalt imot europearane, sa han i ein samtale med den greske statsministeren Kyriakos Mitsotakis.
Han sa at europearane trudde Trumps første presidentperiode var eit unntak som ville ta slutt, men at han no trur spenninga mellom USA og Europa vil vare ved etter Trump.
– No er mange av kollegaene våre meir klartenkte, fordi etter så mange år seier vi at, okei, vi må reagere. Vi må handle som europearar, bli meir sameinte, forsvare våre eigne interesser.







