Politikk og samfunn

«1. mai er ikkje ein fridag. Det er ein kampdag»

1. mai er kanskje viktigare enn nokon gong akkurat no, skriv Sandra Tenud i AUF.

Sandra Edith Kalland Tenud
Medlem av AUFs sentralstyre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

1. mai er ikkje ein fridag. Det er ein kampdag.

Det er dagen arbeidsfolk samlar seg, blir synlege og minner kvarandre på kva vi kjempar for, og kvifor det framleis er nødvendig.

Eit sikkert vårteikn er at høgresida kvart år prøver å bagatellisere nordmenn sin rett på ein fridag. KrFU sitt forslag om å fjerne ein fridag frå arbeidsfolk er ikkje nytt og er like historielaust som tidlegare.

At 1. mai er ein fridag i kalenderen, er ikkje noko vi berre har fått. Det er noko arbeidsfolk har kjempa fram. Fleire av fridagane vi har på dei kristne raude dagane er det arbeidsfolk i Noreg som har kjempa for.

1. mai er kanskje viktigare enn nokon gong akkurat no.

For mykje av politikken i dag kjennest fjern frå folk. Avgjerder blir tekne langt unna kvardagen til vanlege arbeidstakarar, i rom der lobbyistar og rike aktørar har betre tilgang enn dei fleste. Det skaper avstand og mistillit. Difor treng vi ein dag der arbeidsfolk samlar seg og gjer seg synlege.

1. mai handlar ikkje berre om problema. Det handlar også om håp.

Det er lett å bli pessimist. Vi ser til USA, der milliardærar får meir makt enn arbeidsfolk, og der fagforeiningar må kjempe for heilt grunnleggande rettar. Vi ser til Europa, der ytre høgre veks, forskjellane aukar og politikken blir hardare. Det er lett å spørje seg om det er dit vi er på veg. Men 1. mai er ikkje ein dag for å gi opp. Det er ein dag for å hente fram det som har drive arbeidarrørsla fram i over hundre år. Tru på at ting kan endrast. Tru på at folk kan organisere seg. Tru på at vi kan vinne.

For historia vår er ei historie om nettopp det. At folk reiser seg, tek kampen og vinn fram. Og det skjer no.

I USA fagorganiserer nye generasjonar seg. I Spania ser vi politikarar som vågar å stå for solidaritet for det palestinske folk. I Ungarn lever håpet for demokratiet vidare. Og i New York viser Zohran Mamdani at det framleis går an å byggje politikk nedanfrå, med folk og for folk.

Når arbeidsfolk mistar trua på framtida, veks hatet og forskjellane. Men når arbeidsfolk har håp, byggjer vi samfunn, fellesskap og framtid.

For Noreg er ikkje blitt eit av verdas mest demokratiske land med ein sterk velferdsstat av seg sjølv. Det er fordi vi har valt det. Vi har valt ein sterk fagbevegelse. Vi har valt å organisere oss. Vi har valt fellesskap framfor forskjellar. Det er det som gjer at arbeidsfolk har rettar, tryggleik og sin del av verdiskapinga.

Kampdagen 1. mai må fortsette.

For mange unge i dag kjennest ikkje arbeidslivet trygt. Midlertidige kontraktar og uvisse pregar kvardagen. Samtidig aukar forskjellane, og det blir tydelegare kven som har mykje og kven som har lite. Vi må sikre at fleire av oss kjem seg inn på bustadmarknaden.

Vi ser ein tydelegare konflikt mellom dei som lever av arbeid, og dei som lever av formue.

For unge handlar 1. mai om framtida. Om retten til ein fast jobb å leve av. Om eit arbeidsliv med tryggleik. Om ein bustadmarknad vi faktisk har råd til å kome inn i. Om eit samfunn der det er mogleg å skape seg eit godt liv. 1. mai er ein dag for å samle oss.

For håp kjem ikkje av seg sjølv. Håp er noko vi skaper. Gjennom organisering og politisk kamp. Så lenge arbeidsfolk har kampar å kjempe, så lenge makta ikkje er jamt fordelt, så lenge vi har eit samfunn å kjempe for, så treng vi 1. mai.