Aldersapp vart hacka på to minutt
EU har annonsert ein app for å verifisere alder. På kort tid har hackarar funne store hol i sikkerheita.
Nyleg annonserte EU-kommisjonen at dei har laga ein app for å sjekke alderen din på nett. Det var òg snakk om appen då den norske regjeringa fredag førre veke sa at dei vil forby sosiale medium for dei under 16 år.
Les meir: Regjeringa vil forby sosiale medium fram til året du fyller 16
No viser det seg at appen har store sikkerheitshol, skriv Tek.no.
Hacka på to minutt
– Han er heilt trygg i bruk, sa EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen då appen kom.
Ekspertar på nettsikkerheit oppdaga raskt at appen ikkje er så god som von der Leyen hevda.
Appen har open kjeldekode. Det betyr at det er mogleg for alle å sjå korleis han er laga og fungerer.
Då hackarane såg på koden, oppdaga dei mellom anna at appen lagrar sensitive data på telefonen til brukarane, utan at dataen er beskytta.
På X skriv ein person at han hacka appen på to minutt.
Vil bli konstant forbetra
Det skal også vere mogleg å unngå å logge inn via PIN-kode eller fingeravtrykk.
EU-kommisjonen forsvarar appen, og seier det er ein teknisk klar demoversjon.
– Koden vil bli konstant oppdatert og forbetra, seier talsperson Thomas Regnier, ifølgje Tek.no.






