Utdanning

Eksamenstekst: «Ivar Aasen eller Isaac Newton – kven er viktigast?»

Les eksamensteksta Skule Skjerdal vann Fridthiov Oos’ pris for.

Skule Skjerdal (19)
Publisert

Eksamenssvaret i norsk sidemål frå 2025 er publisert med løyve. Teksta er språkvaska av Framtida.no.

Fredagspanelet er en podkast der ulike mennesker blir invitert til NRK for å diskutere kulturnyhetene i uka som har gått. Fredag 23. august 2024 var filmregissør Marit Moum Aune og Knut Olav Åmås, leder for organisasjonen Fritt Ord, i studio for å diskutere et utspill en dekan på NTNU hadde hatt om realfag og sidemål i norsk skole.

Skriv en fagartikkel der du gjør rede for den historiske bakgrunnen til nynorsk og drøfter noen av påstandene som kommer fram i tekstvedleggene. 

Vedlegg:

— «Kvifor skriva nynorsk?» av Norsk Målungdom. Tekst fra nettsiden til organisasjonen.

— «Folk som kan nynorsk, eller folk med realfag?» (2024). Utdrag fra en debatt i Fredagspanelet på NRK radio. 


Nordmenn har ulike og til tider sterke meiningar om nynorsk. Interesseorganisasjonen Norsk Målungdom har publisert teksten «Kvifor skriva nynorsk?» på heimesida si, der bodskapen er at alle enkeltmenneske i Noreg bør ta eit sjølvstendig val om å skriva nynorsk. Vidare er eit viktig spørsmål kor mykje tid ein skal bruka i skulen på nynorsk. Debatten «Folk som kan nynorsk, eller folk med realfag?» på NRK radio i 2024 er mellom filmregissør Marit Moum Aune og Fritt Ord-redaktør Knut Olav Åmås. Den retoriske situasjonen (kairos) for debatten er at ein NTNU-dekan foreslår å ha meir realfag, men mindre sidemål (for dei fleste nynorsk). Aune er imot forslaget, medan Åmås støttar det.

Sjølv om språkstriden som enda med mellom anna nynorsk byrja etter Grunnlovsvedtaket i 1814, har nynorsk røter tilbake i tid. Namnet viser til at nynorsk er konstruert i nyare tid, men bygger på gamalnorsk. Gamalnorsk er namnet på språket nordmenn bruka frå starten av vikingtida til ca. 1350 (Nordbø og Magerøy, 2024). Deretter drap Svartedauden mange av dei som kunne skriva, og etter kvart var Noreg ført inn i union med Danmark og skriftspråket vart dansk (Venås et al., 2024). Likevel heldt mange språklege trekk frå gamalnorsk seg i dei norske dialektene.

So kom Grunnloven i 1814, og med den striden om korleis nordmenn skulle skriva. Tre hovudsyn gjaldt. Nokon ville halda fram med dansken, andre ville fornorska dansken og nokon ville driva målreising, dvs. å laga eit eige, norsk skriftspråk (Garthus et al., 2022, s. 339). Ynsket om å halda på dansken forsvann etter kvart, medan fornorskinga enda i bokmål (Garthus et al., 2022, s. 340). Eit argument for målreising var at mange dialekter hadde samanfallande trekk med gamalnorsk (Bull, 2024). Nasjonalromantikken var viktig på den tida, og ein ynskte å finna det ordentlege norske (Vold, 2025). Samstundes visste ein ikkje korleis ein skulle målreisa i praksis. Somme, som historikaren P. A. Munch, meinte at ein måtte finna éi dialekt som tydeleg viste røter tilbake til gamalnorsk (Garthus et al., 2022, s. 340). Andre, blant dei Ivar Aasen, ville bygga på fellestrekka i dialektene (Garthus et al., 2022, s. 340). Han gjekk systematisk til verks ved å gå rundt i Noreg, analysera dialektene og velja ut dei trekka som mellom anna likna mest på gamalnorsk (Garthus et al., 2022, s. 341). Resultatet vart landsmål (Garthus et al., 2022, s. 341).

Sjølv om ein no hadde eit eige, norsk skriftspråk som ikkje var basert på dansk, måtte tilhengarane spreia landsmålet. Difor kjempa mange landsmålsfolk politisk, og i 1885 kom jamstillingsvedtaket som likestilte landsmål med «bogmaal» (i praksis dansk) (Garthus et al., 2022, s. 342). Sju år seinare kom målparagrafen, og no kunne ogso skulane nytta landsmål (Garthus et al., 2022, s. 342), som i 1929 fekk namnet nynorsk (Vikør, 2024). Mange skulekrinsar, spesielt på Vestlandet, indre Agder og fjellbygdene på Austlandet nytta moglegheita, og midt på 1930-talet hadde knapt 20 % av folkeskuleelevane nynorsk (Vikør, 2024). Seinare har nynorskandelen falle, og i 2021 var talet 11,6 % for grunnskuleelevane (Vikør, 2024). For heile folket er talet kring 10 % (Vikør, 2024), noko mellom anna Knut Olav Åmås har fått med seg.

I radiodebatten uttrykker han mellom anna at skulen må prioritera, og at undervisninga bør vera direkte nyttig. Han seier at ein «må se kritisk på alt i norsk skole» og på «de reelle behovene som samfunnet har». Marit Moum Aune, derimot, meiner at skule «er bygging av en brei del av det å være menneske». Ho tenkjer altso at skulen ikkje berre skal gjeva elevane kunnskap dei kan bruka direkte, men òg danna dei. Til dømes meiner ho at me ikkje kan «ta ut en del av norsk kulturhistorie av skolen». Ein del elevar får aldri bruk for nynorsk direkte, men kanskje vert dei meir reflekterte av å forstå at mellom anna nynorskbrukarar tenkjer annleis enn dei. Samfunnet i dag er polarisert og treng nyansar. Samstundes er det kanskje endå viktigare for samfunnet å gjeva folk realfagskunnskap, slik at dei kan til dømes utvikla ny teknologi? Då kan folk få betre liv, og då er dei mindre freista til å søka til ytterleggåande ideologiar.

Demokrati er ogso ein medisin mot ytterleggåande ideologiar, og Norsk Målungdom meiner at «[n]ynorsken er demokratisk». Argumentet er at nynorsken «byggjer på talemålet i alle delane av landet». Demokrati tyder folkestyre, difor er det demokratisk viss skriftspråket er basert på talespråket til folket. Dette står i kontrast til bokmål, som er fornorska dansk. På den andre sida er det overdriving å seia at nynorsk bygger på alle dialektene. Til dømes gjekk ikkje Ivar Aasen lenger nord enn Tromsø, so heile Finnmark er utelate. Vidare utviklar dialektene seg heile tida, ofte mot enklare former. Difor er fleire dialekter likare bokmål no enn før. Kanskje speglar no til dags bokmålet best talemålet til flest nordmenn, slik at bokmål er mest demokratisk? Trass i alt dette har Aune frå debatten eit poeng i at ho kan «takke nynorskbevegelsen for» at dialektene har høg status i Noreg. Det motverkar ei hovudstatselite, so kanskje nynorsken er meir demokratisk likevel?

Sjølv om nynorsken skulle vera meir demokratisk, er det naudsynt at alle norske elevar skal læra han? Knut Olav Åmås seier at «[n]å har vi oversettelsesprogrammer som er i ferd med å bli veldig bra» slik at det kanskje ikkje er naudsynt å læra alle nynorsk i tilfelle dei får ein jobb der dei treng nynorsk. Eller kanskje samfunnet skal gjera nynorsk mindre viktig, til dømes ved å fjerna retten til at styresmaktene svarer deg på nynorsk? På den andre sida skriv 10 % nynorsk, og resten av folket bør kunne forstå dei. Likevel forstår nordmenn dialekter godt, sjølv om dialektundervisninga i skulen er avgrensa. Kan hende er det beste å undervisa i typiske nynorsk-trekk, utan at elevane treng å skriva nynorsk?

Vekk frå Ivar Aasen, vidare til Isaac Newton (matematikar og fysikar) (Ormestad, 2025): Treng eigentleg samfunnet fleire elevar som vel realfag? Dekanen frå NTNU meiner at for få elevar vel realfag og at dette seinare kan ramma NTNU. Viss utviklinga skal halda fram på område som medisin og kunstig intelligens treng samfunnet flinke realfagsfolk. Spørsmålet er korleis ein skal skaffa dei. Viss ein underviser breitt i realfag, slik dekanen foreslår, trur han at fleire vert interesserte. Samstundes kan det skapa misnøye mot realfag, som kan smitta over på dei som kunne vorte interesserte. I tillegg får mange realfagselevar, som Marit Moum Aune, aldri bruk for til dømes kjemi. Ei løysing er å satsa meir på dei mest interesserte elevane, til dømes gjennom tilbod om vanskelegare undervisning. På den andre sida er denne løysinga risikabel, av di elevane kan mista interessa. Dessutan skapar ein ein realfagselite. Dekanen hadde nok eit poeng likevel.

Nynorsk har ei lang og interessant historie. Ivar Aasen gjorde mykje av det faglege, medan andre kjempa politisk. Likevel er bokmål mest i bruk i Noreg i dag. Teksten frå Norsk Målungdom og debatten på NRK tek opp mange viktige moment rundt tema som demokrati og samfunnsnytte. Som i mange andre situasjonar er nyansar nøkkelen. Skulen må balansera ulike behov. Nynorsken er nok bra for demokratiet og ein viktig del av norsk kulturhistorie, slik at skulen bør fortsetja med nynorskundervisning. Samstundes lyt Noreg skaffa meir realfagkunnskap. Difor vil eg konkludera med at norsk skule bør redusera mengda nynorsk og auka mengda realfag, for å spegla behova til eit høgteknologisk samfunn.

Kjelder:
Norsk Målungdom. Kvifor skriva nynorsk?. malungdom.no. Henta 12. desember 2024 frå https://malungdom.no/nynorsk/kvifor-skriva-nynorsk/

Fredagspanelet. (2024, 23. august). Folk som kan nynorsk, eller folk med realfag?. Radio.nrk.nohttps://radio.nrk.no/podkast/fredagspanelet/l_cbe47111-8bbb-4a8a-a471-118bbb8a8a97 Tilrettelagd for eksamen av Utdanningsdirektoratet.

Nordbø, B., & Magerøy, H. (2024, 26. november). gamalnorsk. I Store norske leksikon. https://snl.no/gamalnorsk

Venås, K., Gundersen, D. & Nordbø, B. (2024, 25. november). mellomnorsk. I Store norske leksikon. https://snl.no/mellomnorsk

Garthus, K. M. K., Nyhus, J. Ø. & Schulze, A.-M. (2022). intertekst: Norsk VG3 Studieforberedende (2. utg.). Fagbokforlaget.

Bull, T. (2024, 28. august). Ivar Aasen. I Store norske leksikon. https://snl.no/Ivar_Aasen

Vold, T. (2025, 22. februar). nasjonalromantikken. I Store norske leksikon. https://snl.no/nasjonalromantikken

Vikør, L. S. (2024, 26. november). nynorsk. I Store norske leksikon. https://snl.no/nynorsk

Ormestad, H. (2025, 22. februar). Isaac Newton. I Store norske leksikon. https://snl.no/Isaac_Newton