– Overvelda over responsen
Fylkeskommunane skal no tilby karriererettleiing. I Sunnhordland merkar dei at det er stort behov for tilbodet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Kvinnheringen.
Lurer du på kva utdanning du skal slå inn på eller kva type jobb som passar best for deg? Så sant du har fylt 19 år, kan det nye tilbodet «Karriere Sunnhordland» då vera noko for deg.
LES OGSÅ: Tabu å velja yrkesretta
Pilotprosjekt
Utdanningsdirektoratet har oppmoda fylkeskommunane om å oppretta karrieresenter for jobb- og utdanningsrettleiing. Nokre fylkeskommunar var tidleg ute, men i Hordaland er det nytt. Planen er å etablera avdelingar ulike stader i fylket. Den aller første i Hordaland vart oppretta i Sunnhordland i januar i år.
– Vi er eit pilotprosjekt i fylket, fortel dei to blide karriererettleiarane som styrer ståket, Birgit O. Bratseth og Marie E. Isdahl.
Kontoret er på Stord vidaregåande skule, men rettleiarane har utedagar i andre Sunnhordlandskommunar. Andre onsdagen i kvar månad er rettleiarane å treffa i lokala til Kvinnherad Næringsservice i KEST-bygget på Husnes.
– Det fine er at vi ikkje er styrte av eit bestemt regelverk, men brukar til dømes ulike interessetestar og ulike rettleiingsmetodar innan karriererettleiingsteori – i tråd med det andre karrieresenter gjer, seier dei.
– Gjennom samtalar prøver vi å kartleggja kompetansen, ønska og personlege preferansar til den det gjeld. Saman finn vi ut av kor vegen vidare kan gå, anten det gjeld utdanning eller aktuelle arbeidsplassar, fortel rettleiarane.
Rettleiarane har god greie på kva behov næringslivet har. Når det gjeld utdanningstilbod blir brukarane i nokre tilfelle vist vidare til andre, eller til ulike nettstader som kan vera til god hjelp. Tilbodet er ikkje berre for dei som står på trappene til ei utdanning.
– Nokre mistrivst på jobben, er oppsagt eller permittert på grunn av omstillingar, eller ønskjer å omskulera seg av andre grunnar. Desse prøver vi å hjelpa inn på nye spor så godt vi kan. Ofte handlar det heile om å læra seg kunsten å gjera val, derfor legg vi vekt på nett det, fortel damene.
– Er det mange som oppsøkjer dykk?
– Ja, faktisk er vi overvelda over responsen. Etter to månader i drift var vi kontakt med 40 personar. Dette viser at vi held på med noko som det var behov for, seier Isdahl og Bratseth.
Rettleiarane håpar at også kvinnheringar begynner å ta kontakt. Det er berre å bestilla seg ein time, jo før jo heller.