DNT Ung: – Vi er heilt avhengige av at dei frivillige har lyst til å vere med
DNT Ung har hatt stor vekst dei siste åra. Likevel ønskjer leiaren å nå enda breiare.
Denne saka er ein del av prosjektet «Frivilligheit i individualismens tid», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.
– Dei frivillige, dei er alt. Utan dei, så stoppar det.
Det seier Benedicte Sivertsen (24) på telefon til Framtida.no. Ho er leiar for DNT Ung, Noregs største friluftslivsorganisasjon for ungdom.

Benedicte Sivertsen (24) er leiar for DNT Ung. Foto: Privat
DNT Ung baserer seg på lokalt drivne friluftslivsaktivitetar. Sivertsen fortel at dei frivillige bidrar med veldig mykje forskjellig.
– Dei held kurs, har sosiale opplegg, og bidrar inn til dei aktivitetane vi har. Alt frå store sommarleirar som varar ei veke, til heilt enkle og lågterskel kvardagsaktivitetar i nærmiljøet.
Frelst med ein gong
Ein av dei som er frivillig, er Vilde Maria Bustetun Akselberg (30). Ho blei med i organisasjonen då ho var 25 år gamal.
– Det var korona og kjipt, så då DNT hadde turleiarkurs, tenkte eg det kunne vere noko for meg. Då blei eg frelst med ein gong. Eg blei med i ein gjeng, og så drog vi på turar saman.
I tillegg til ho sjølv, som er lærar, var det ein båtbyggjarlærling frå Danmark, ein kunststudent og ein bygningsingeniør.

Vilde Maria Bustetun Akselberg (30).
– Det høyrest jo ut som ein vits, men det er eit godt døme på at ein kan møte folk her som ein ikkje ville møtt elles.
I løpet av åra som turleiar har ho grave seg ned i snøhole, vore leiar på camp, og gått til Vinje-Rock gjennom Jotunheimen.
– Vi er heilt avhengige av at dei frivillige har lyst til å vere med, og at dei òg får lov til å utfolde seg, sånn at vi får til mest mogleg, seier DNT Ung-leiar Sivertsen.
Treng fleire frivillige
Framtida.no har sendt ei undersøking om frivilligheit og rekruttering til alle medlemsorganisasjonane til LNU – Norges barne- og ungdomsorganisasjonar. Vi sende undersøkinga til 104 organisasjonar, og fekk 23 svar.
I undersøkinga svarar over 86 prosent av organisasjonane at dei har behov for fleire frivillige.
80 prosent svarar at organisasjonen opplever utfordringar knytt til rekruttering, og 75 svarar at dei har utfordringar knytt til økonomi.
Fleire svarar at koronapandemien sette ein stoppar for rekrutteringa, at dei mista medlemmar og at det har tatt tid å hente seg inn att.
Vil nå betre ut
Sjølv om DNT Ung har hatt ein auke i medlemmar dei siste åra, fortel leiar Sivertsen at dei i nokre område har problem med rekruttering.
– Eg trur ofte vi ikkje klarer å nå breitt nok ut, og at vi kanskje ikkje er flinke nok til å synleggjere kva som skil tilbodet vårt frå organisasjonar som driv med liknande type aktivitetar som vi gjer, som Speidaren eller Røde Kors.
– Opplever du at det er vanskeleg å nå igjennom til ungdom i dag?
– Det er litt vanskeleg for meg å svare på konkret, fordi eg driv ikkje med rekruttering direkte sjølv. Eg trur som sagt vi kanskje ikkje når godt nok ut i våre plattformer. Men om det handlar om at ungdommane generelt er opptatt, eller at vi ikkje treffer med vår marknadsføring, det veit eg ikkje.
Haldningar til frivilligheit
I undersøkinga har Framtida.no spurd barne- og ungdomsorganisasjonane om kva haldningar dei opplever til frivilligheit blant unge.
På påstanden «Det er vanskeleg å få unge til å stille opp til frivillig arbeid», svarar om lag 61 prosent at dei er litt eller svært einige.

I underkant av 35 prosent er òg litt einige i at unge er mindre positive til frivillig arbeid enn før pandemien.

Sivertsen i DNT ung opplever at haldninga til dei frivillige er god.
– Det er morosamt å vere frivillig, fordi ein ofte kjem inn med ein gjeng, og blir ein del av eit fellesskap. Og så gjer vi det vi kan for å fjerne dei barrierane som gjer det vanskeleg.
Kva barrierar det kan vere, varierer frå stad til stad.
– Men du får jo ein del ansvar. Det kan vere ein barriere for dei som ikkje nødvendigvis ønskjer det. Så opplever vi òg at nokon synest at det arbeidet vi driv med på nasjonalt plan, som gjerne er meir politisk retta, ikkje er noko dei har lyst til å drive med. Men der gjer vi også det vi kan for at det ikkje skal bli tillagt lokallaga. I alle fall ikkje meir enn dei ønskjer, seier Sivertsen.
Stor utvikling sidan pandemien
Turleiar Akselberg anbefaler andre å vere frivillig.
– Mange snakkar jo no om å finne eit «third space» (stader som ikkje er heime eller jobb/skule, red.anm.), og dette er jo eit gullkort til å finne ein slik stad.

Vilde Maria Bustetun Akselberg samanliknar å vere på tur med DNT Ung med å vere i reality-bobla. Foto: Privat
Akselberg forklarar at turleiaren er ein slags sosial fasilitator.
– Den viktigaste jobben er jo turleiing og sikkerheit, men vel så viktig er å passe på at alle føler seg inkludert. Den kjensla av fellesskap trur eg er grunnen til at mange vel å gå på fellestur, i staden for å gå aleine, seier ho.
Kanskje er det fleire som har oppdaga det, for etter ein nedgang i pandemien, er DNT Ung no på eit rekordnivå medlemsmessig.
– Eg trur det kjem av at vi tilbyr aktivitetar som treffer breitt, og at vi får med oss ein del som ikkje er interessert i dette konkurransepreget som vi ser i idretten for eksempel. At vi kan tilby ei motvekt mot det, seier leiar Sivertsen.
Etterlyser tiltak
I undersøkinga til Framtida.no svarar til saman 43 prosent av ungdomsorganisasjonane at dei synest styresmaktene i nokon eller svært stor grad legg til rette for frivillig arbeid, medan 30 prosent svarar i liten eller svært liten grad.

Sivertsen ønskjer seg meir løyvingar til frivilligheita.
– Då kan ein leggje til rette enda meir for dei som bruker av tida si. Vern av naturområde er jo kjempeviktig for oss for at vi skal ha eit område å verke i. Og så håper eg jo at ein kan få på plass betre ordningar for fråvær, særleg i vidaregåande skule, som gjer at det er lettare for ungdom å kunne prioritere frivillig arbeid. Ikkje berre det som er av politisk karakter, avsluttar ho.







