Norsk Folkehjelp seier nei til USA – mistar nesten 2000 tilsette

Norsk Folkehjelp seier nei til nye amerikanske hjelpevilkår. Det fører til eit inntektskutt på 400 millionar kroner og at omkring 1700 tilsette mistar jobben.

NPK-NTB
Publisert

– USA prøver å diktere at vi skal slutte å jobbe for likestilling og mangfald. Ikkje berre i programma dei sjølv finansierer, men i alt vi gjer, også prosjekt som blir støtta av andre givarar. Det seier vi nei til. Vi forheld oss til norsk lov og norsk politikk og byter ikkje verdiar mot pengar. Det seier Raymond Johansen, generalsekretær i Norsk Folkehjelp, i ei pressemelding.

Det amerikanske utanriksdepartementet krev at samarbeidspartnarar ikkje skal jobbe for abort, likestilling eller mangfald i noko av arbeidet sitt. Krava gjeld alt organisasjonen gjer, også prosjekt finansiert av andre givarar.

Norsk Folkehjelp opplyser at dei har søkt om unntak for vilkåra for å føre vidare mineryddingsarbeidet, men det har ikkje ført fram.

– Det er sjølvsagt svært dramatisk å seie nei til så mykje pengar, med alt det medfører. Men desse vilkåra var det uaktuelt for oss å føye oss etter, seier Johansen.

Trass i dei dramatiske kutta vil 60 prosent av mineryddingsarbeidet halde fram. Det blir no jobba intensivt med å skaffe alternativ finansiering etter at USA-støtta forsvinn.

– Vi håpar norske styresmakter, som i dag også finansierer konkurrentane våre, vil setje tydelege krav til samarbeidspartnarane sine, seier Johansen.