Kven bestemmer i verda? USA og Vesten blir utfordra

Kven bestemmer eigentleg i verda? Og kva er det som gir dei makt til å bestemme? I mange år har svaret vore USA, men no er situasjonen i ferd med å endre seg.

NUPI skole/Morten Skumsrud Andersen, Silje Tunheim
Publisert

Saka er ein del av NUPI Skole sin artikkelserie «Hvor hender det?» og er gitt att med løyve. Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no.

USA har lenge vore det landet i verda med størst økonomisk og militær makt. I tillegg har dei tilbydd andre statar såkalla «globale fellesgode», i form av støtte og samarbeid. På grunn av dette har USA lenge spelt ei sentral rolle i å forme reglane for samarbeid mellom land. Men i dag har fleire andre fått meir makt enn tidlegare, og desse kan derfor tilby hjelp, pengar og samarbeid på sine eigne vilkår.

Kva er globale fellesgode?

Tenk på lufta du pustar. Viss lufta er rein, kan alle menneske puste ho inn, same kvar dei bur. Ho er eit globalt fellesgode. Eller tenk på gatelysa der du bur. Alle har nytte av dei, sjølv om ikkje alle bidreg til å betale for dei gjennom skatt. Fellesgode kan heller ikkje brukast opp av nokre få. Gatelys blir til dømes ikkje dårlegare jo fleire som bruker dei.

I internasjonal politikk finst det få gode som er heilt «felles» på denne måten. Likevel finst det ordningar, reglar og ressursar som mange land kan ha nytte av samtidig. Viss nokre land arbeider for å kutte klimautslepp, kjem det alle til gode. Fred og tryggleik, reglar for handel, og fri ferdsel på verdshava, er andre døme på gode som kan fungere litt på same måte.

Biletet viser Hormuzsundet sett frå verdsrommet. Det smale havområdet mellom Iran og Oman er ein av verdas viktigaste maritime flaskehalsar. Store mengder olje blir frakta gjennom sundet kvart år, og når den frie ferdselen blir truga, som under konflikten mellom USA og Iran i 2026, kan det påverke energiprisar og handel langt utover regionen. Foto: NASA

Men slike ordningar oppstår ikkje av seg sjølve. Sidan det ikkje finst ei verdsregjering, må land med mykje makt og ressursar bidra til å opprette og oppretthalde dei. Når stormakter finansierer institusjonar eller lager reglar, kan resultatet vere ordningar som mange land får nytte av – samtidig som dei også gir stormaktene meir innverknad. I mange år har USA hatt ei slik leiarrolle, støtta av andre vestlege land. I dag blir denne rolla i aukande grad utfordra og delt av fleire statar.

USAs rolle i verdsordenen

Etter den andre verdskrigen fekk USA ei sentral rolle i verda. Amerikanarane bidrog til tryggleik, økonomisk støtte og opprettinga av fleire internasjonale organisasjonar. Saman med andre land utvikla USA reglar for handel, samarbeid og handtering av konfliktar. Dette systemet blir ofte kalla den «regelbaserte» eller «liberale» verdsordenen.

Mange statar, også Noreg, har hatt stor nytte av dette. Noreg er eit lite land utan store militære styrkar. Derfor er det viktig for Noreg at internasjonale lover og reglar blir følgde. I ei verd der dei sterkaste gjer som dei vil, kan mindre statar bli meir sårbare. Noreg er derfor også avhengig av samarbeid, særleg gjennom Nato, for å vere trygt.

Krigen i Ukraina har vist at USA speler ei viktig rolle også i dag. USA har gitt uvurderleg økonomisk støtte og våpen til Ukraina saman med andre Nato-land. Samtidig har USA dei siste åra vist mindre vilje til å ta ansvar for slike globale fellesgode. USAs utanrikspolitikk viser også teikn til at dei framover vil bruke mindre ressursar på Europas tryggleik og heller utfordre den regelbaserte verdsordenen.

Korleis har USAs utanrikspolitikk endra seg?

Dei siste åra har USAs president Donald Trump mellom anna trekt USA ut av Parisavtalen om klima, redusert støtta til FN og kutta bistanden til mange land i det globale sør. I 2025 innførte han også høge tollsatsar mot mange land, inkludert Noreg.

Trump har dessutan foreslått at berre Nato-land som bruker «nok» pengar på eige forsvar, vil få hjelp av USA i ei krise. Det set Natos artikkel 5 under press. Den slår fast at eit væpna angrep mot eitt medlemsland skal reknast som eit angrep mot alle.

Eit amerikansk F-35A flyr lågt rundt Kopparen i Ørland under Nato-øvinga Cold Response 2026. Foto: Ole Andreas Vekve / Forsvaret

I tillegg bruker USA oftare truslar og press for å få andre land til å handle i tråd med amerikanske interesser. Dette gjeld både motstandarar og samarbeidspartnarar. I januar gjennomførte USA til dømes ein militæroperasjon i Venezuela og tok president Nicolás Maduro til fange. Landet har også trua allierte som Canada, Mexico og Colombia med økonomiske og militære tiltak. I tillegg har amerikanske styresmakter sagt at dei ønskjer å overta Grønland frå Danmark, som også er medlem av Nato.

USA har lenge hatt ei viktig rolle i å oppretthalde internasjonale ordningar og å bidra til fellesgode i det internasjonale systemet. No verkar det som landet i større grad er oppteke av å styrkje sin eigen posisjon. Det har fått fleire av USAs allierte til å tvile på kor sterk amerikansk støtte vil vere i framtida.

Kina, Russland og nye alternativ til Vesten

Tenk deg at det berre finst éin bank som kan låne deg pengar. Banken stiller mange krav – også nokon du synest er urimelege. Men så dukkar det opp fleire bankar som er villige til å gi deg lån utan å møte desse krava. Då får du plutseleg fleire val.

Slik har det også vorte i internasjonal politikk. Tidlegare var det hovudsakleg USA og vestlege land som gav lån, investeringar og militær hjelp. Denne hjelpa kom ofte med krav om demokrati og menneskerettar. Samtidig var det desse landa som heldt oppe mange av dei globale fellesgoda.

I dag tilbyr også Kina, Russland og nokre rike land i Midtausten hjelp og samarbeid, ofte utan slike krav. For statar som får hjelp, betyr det fleire valmoglegheiter. Dei kan altså i større grad velje kven dei vil samarbeide med, litt slik som når fleire bankar konkurrerer om å gi deg lån. For USA og Europa betyr dette at dei ikkje lenger har like stor innverknad som før.

Fleire land konkurrerer om innverknad

Denne utviklinga har allereie fått konsekvensar. Den regelbaserte ordenen har vorte svakare, og land utanfor Vesten har fått større innverknad ved å tilby lån, investeringar og samarbeid. Tre døme kan illustrere dette:

  1. Under finanskrisa i 2008 investerte eit kinesisk selskap i den greske hamna i Pireus, ei av Europas viktigaste hamnar. Investeringa gav Hellas pengar og arbeidsplassar. Kort tid etter stemte EU‑medlemmen Hellas mot at EU kritiserte Kina i FNs menneskerettsråd. Mange meinte dette hang saman med kinesiske investeringar i landet.
  2. I Latin‑Amerika har Kina vorte ein viktigare samarbeidspartnar. Sidan 2005 har kinesiske bankar lånt ut meir pengar til land i regionen enn Verdsbanken og regionale bankar til saman. Låna har ofte finansiert store prosjekt som vegar, flyplassar og energianlegg. Når land kan få slike lån frå andre, blir dei mindre avhengige av USA.
  3. Også i Sentral‑Asia, der USA lenge har hatt mange militærbasar, har Kina og Russland fått meir å seie. Rundt 2010 byrja Kina å låne ut meir pengar til land i regionen enn vestlege land og internasjonale organisasjonar. Låna kjem ofte utan krav om demokrati eller politiske reformer. Det gir mottakarlanda fleire valmoglegheiter, medan vestlege land får mindre innverknad.

Pireus-hamna i Hellas er i dag delvis eigd av det kinesiske selskapet COSCO Shipping. Kinesiske investeringar i hamna gav Hellas kapital og arbeidsplassar, samtidig som Kina fekk større økonomisk fotfeste i Europa.

Desse døma viser at makt i internasjonal politikk ikkje berre handlar om militær styrke. Det handlar også om pengar, investeringar og samarbeid. Når fleire land kan tilby støtte, blir maktforholda endra i verda. Samtidig kan det bli vanskelegare å bli samde om felles reglar og løysingar på globale problem, som klimaendringar eller krig.

Kva betyr dette for Noreg?

USA er framleis det mektigaste landet i verda. Men det er ikkje lenger det einaste landet med stor innverknad, og landet er mindre oppteke av å halde oppe globale fellesgode.

For Noreg skaper dette utfordringar. Noreg er avhengig av at internasjonale reglar blir følgde og av samarbeid med andre land, særleg gjennom Nato og organisasjonar som FN. Når makta i verda blir fordelt på fleire land, kan internasjonal politikk bli meir uføreseieleg for små land.

Dette betyr at Noreg må tenkje nøye gjennom kven som er dei viktigaste samarbeidspartnarane, og korleis norske interesser kan sikrast i ei verd der fleire sterke land konkurrerer om innverknad.