IKT-bransjen uroa for få studieplassar
Stadig fleire unge vil studere IT og teknologi. Men mange vil få avslag på søknaden, sjølv om bransjen og samfunnet treng fleire med IKT-utdanning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
IKT-bransjen slår alarm
– Dette må bli oppfatta som eit tydeleg krav om fleire studieplassar innan IKT, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Abelia, foreininga for kunnskaps- og teknologibedrifter, om tala frå i år tal frå Samordna Opptak.
LES OGSÅ: Rekordmange vil ta høgare utdanning
Manglar IKT-kompetanse
Søkinga til teknologiske fag har steget med 17,5 prosent frå i fjor til i år. Sidan 2011 har auken av søkjarar til informasjonsteknologi vore på over 50 prosent, ifølgje Abelia.
Haugli meiner søkjarane har forstått at mange av dei nye jobbane i Noreg vil blir skapt i denne bransjen.
– Vi er likevel uroa over at det er framleis er avgrensa med studieplassar som blir tilbydd den aukande studentmassen, seier Haugli.
Regjeringas eigne analysar viser at det vil vere mangel på IKT-kompetanse i framtida.
– I «beste» fall vil kvar fjerde IKT-stilling stå disponibel om 15 år, seier Haugli. (©NPK)
LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030