5 tips til deg som søkjer høgare utdanning
Informasjonsrådgjevar Hanna Felicia Fossen-Lange har fem tips til deg som søkjer studieplass denne våren.
Innan 15. april må dei som søker studieplass til hausten, ha bestemt seg for kva dei vil søkje på, men nokon er kanskje framleis i tenkeboksen.
Framtida har bede karriererådgjevaren i Ungorg kome med sine beste tips til dei som ikkje heilt har bestemt seg for kva dei vil.
1. Utforsk utdanningar og yrke
– Nokon tenkjer kanskje at det er litt kjedeleg. «Kva, må eg lese meg opp?». Men det er mange måtar ein kan gjere det på, seier informasjonsrådgjevar Hanna Felicia Fossen-Lange til Framtida.no.

Informasjonsrådgjevar Hanna Felicia Fossen-Lange.
– Ein kan til dømes snakke med folk i ulike yrke, dra på open dag på universitetet, eller prøve eit yrke på OD-dagen eller liknande, utdjupar ho.
Det er rett og slett viktig å samle informasjon.
– For om ein ikkje veit kva moglegheiter som er der ute, så er det frykteleg vanskeleg å ta eit val.
Fossen-Lange seier ein ikkje alltid tenkjer over at ein er omringa av yrke.
– Asfalten du går på har nokon lagt, bygga rundt deg har nokon laga. Om ein berre løftar blikket, så ser ein kva som finst der ute.
2. Bli kjent med eigne interesser og ønskje
– Ein har mange moglegheiter, men det hjelper ikkje om ein ikkje veit kva ein likar. Kva vil du lære meir om? Kva blir du nysgjerrig av når du ser på yrke du har rundt deg? Var det fag på vidaregåande du likte ekstra godt?
Å bli kjent med eigne interesser har mykje å seie for å finne ut kva ein skal bli, meiner Fossen-Lange.
– Ikkje minst er det viktig å finne ut kva ein ikkje vil. Det er minst like viktig som å finne ut kva ein vil.
3. Kva appellerer til deg?
Fossen-Lange meiner det er lurt å tenkje over kva som fristar med jobbar ein er nysgjerrig på.
– For nokon er det pengar. Det er ikkje noka skam i det å ville tene godt. For nokon er det jobbsikkerheit. Andre vil vere kreative, eller gjere verda til ein betre stad. Det er viktig å ha tenkt over kva ein vil oppnå, seier ho.
4. Kva rammer likar du i kvardagen?
– Det er viktig å finne ut kva rammer ein likar, både når ein utdannar seg og når ein tenkjer på kva jobb ein vil ha. Likar du å jobbe praktisk, teoretisk, eller ei blanding? Og vil du jobbe turnus eller åtte til fire?
Slike spørsmål meiner informasjonsrådgjevaren det er fint å ha i bakhovudet når ein skal velje utdanning.
– Rammer styrer kvardagen din, og då er det lurt å ha tenkt på kva ein vil, seier ho.
5. Vegen blir til mens du går
Mange veit ikkje heilt kva dei vil gjere.
– Eg har inntrykk av at veldig mange unge, og slik var eg òg, tenkjer at folk rundt dei veit akkurat kva dei vil og at dei har ein plan. Men dei aller, aller fleste har kanskje ikkje noko dei brenn for. Det er heilt normalt.
Det er lov å ikkje vite og endre meining, seier Fossen-Lange.
– Eg kjenner så mange som har starta på eit studium eller eit yrke, og så bytta undervegs. Ein kan alltid starte frå «scratch».
Det er ikkje noko tidspunkt ein må ha funnet ut av heile livet, understrekar ho.
– Ein kan alltid ta eit friår eller dra på folkehøgskule. Det er ikkje noko poeng i å tvinge seg til å brenne for noko. Og så kan det jo vere at ein finn noko ein likar medan ein har eit jobbår eller går på folkehøgskule.






