Elevtinget krev endring: – Fysiske inngrep er ikkje greitt

Russetid, skuleveg og maktbruk var sentrale tema under årets Elevting.

Einar Nygaard
Publisert

– Det er utruleg spennande å vere her, og det kjennest òg veldig oppbyggjande, seier Arne Kristian Grøttum (17).

I ein stor konferansesal ved Gardermoen sit meir enn 600 ungdommar stille og lyttar. På scena framfor dei argumenterer kandidatane for årets OD-prosjekt om kvifor nettopp dei burde vinne.

Elevorganisasjonens årlege landsmøte, Elevtinget, er godt i gang når Framtida.no vitjar tysdag 10. mars.

Grøttum er observatør frå Foss vidaregåande skule i Oslo. Han synest det er viktig at det finst eit organ som dette for elevane i Noreg, og at skulane sender kvar sine delegatar.

– Det er ikkje slik at det berre kjem nokon få frå kvart fylke, som ikkje har heilt peiling på kva alle i sitt fylke meiner. Sjølv dei minste har høve til å dele meiningane sine.

Arne Kristian Grøttum (17) synest det er oppbyggjande at så mange deler kva dei og skulen deira meiner. | Foto: Einar Nygaard

Kva er Elevtinget?

På Elevtinget møtest representantar frå medlemsskulane til Elevorganisasjonen for å diskutere kva Elevorganisasjonen skal meine og gjere.

Skulane sender ein delegat, gjerne elevrådsleiaren, og kan òg sende ein observatør. Berre delegaten har røysterett.

Vil fjerne fysiske inngrep

Elevtinget jobbar ei heil veke for å bestemme kva retning Elevorganisasjonen skal ta det neste året. Ei av dei viktigaste sakene som vart diskuterte i år, handla om autoriteten til lærarar.

– Fysiske inngrep, slik det står i lovteksten no, det er ikkje greitt, og det er ikkje eit godt pedagogisk verkemiddel.

Zaid Norzai Ahmmad (19) er tidlegare sentralstyremedlem, og no påtroppande leiar i EO. | Foto: Elevorganisasjonen

Det seier Zaid Norzai Ahmmad (19) på telefon til Framtida.no etter at han fredag blei vald som ny leiar av Elevorganisasjonen.

I fjor kom nye reglar som seier at lærarar kan gripe inn fysisk mot elevar.

– Vi vil jobbe alt vi kan for å overtyde politikarane om å endre forskrifta og regelverket slik det er no, så det blir tydelegare, seier Ahmmad.

Russetid og skuleveg

Ahmmad fortel at dei òg har vedtatt ei ny prioritering om trygge skulevegar.

– Elevane meiner no at skulegangen ikkje berre handlar om tida du er på skulen, men også frå du går ut døra heime til du kjem til skulen, og til du kjem heim igjen. Det er noko vi kjem til å kjempe for, slik at vi ikkje mister fleire gode ungdommar.

Eit anna viktig punkt på programmet, var russetida. I fjor bestemte Utdanningsdirektoratet at eksamen skulle flyttast til starten av mai, og at russefeiringa bør starte tidlegast 17. mai.

– Russen har lyst på ein trygg stad å vere, både på og utanfor skulen. Dei vil ha ordentlege og gode rammer for å byggje ein god russekultur. Standpunktet vårt er framleis at russetida skal vere etter eksamen, men slik eksamen er sett opp no, så tidleg på året, det vil vi kjempe mot.

Saka held fram under biletet.

Ein sosial arena

Aurora Gundersen (18) frå Vestland har fått vener frå eige og andre fylke. | Foto: Einar Nygaard

På Elevtinget møter Framtida.no Aurora Gundersen (18). Ho synest noko av det beste med arrangementet er det sosiale.

– Det er nok det mest morosame, men det er veldig gøy når vi har debattar om litt større tema også, som når det kjem skulepolitikarar og vitjar.

Også kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap), utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) og kronprins Haakon tok turen.

– Det var veldig stas.

Det seier Oliver Trohaug Våge (19). Han er fylkesleiar i Vestland og er på Elevtinget for tredje gong.

– Eg elskar å vere her. Ein blir verkeleg kjent med folk. Ein kan få vener for livet, eller til og med ein kjærast. Det er ikkje uvanleg, seier Trohaug Våge.

Påtroppande EO-leiar Ahmmad synest at det å engasjere seg i Elevorganisasjonen er det viktigaste ein kan gjere som elev.

– Ein kjempar for si sak, ein byggjer nettverk, og ein møter folk som står i det same som deg.

Ahmmad har sett mykje kjærleik og mot i løpet av veka. Han peikar på at det krev mot å tale for saka si og skulen sin, og at det er karakterbyggjande.

– For meg har det vore det viktigaste i livet mitt.

Oliver Trohaug Våge (19) er fylkesleiar i Vestland, og seier han var stolt av at delegasjonen sin. | Foto: Einar Nygaard

– Å vere med i Elevorganisasjonen er også den beste forma for undervisning i demokrati. Dette er mange elevars fyrste møte med demokrati, og det viktigaste vi i Elevorganisasjonen gjer, er å gi dei høve til å ytre seg og stemme over ting dei meiner er viktige.